
Er du ny brukar av presisjonsutstyr, har du kjøpt noko nytt, eller treng du oppfølging med eksisterande utstyr? Eller er det agronomi og metodikk rundt presisjonslandbruket du treng råd til? Bestill rådgivingsavtale, og vi kan hjelpe deg!
Avtalen har fast pris og faste rammer, men fleksibelt innhald.
Prisen er 10 000 kroner for ein årspakke, som inneheld fire besøk på to timar kvar, ein enkel tiltaksplan og ein enkel rapport frå kvart besøk. Dette er inklusive frammøte, og prisen gjeld for medlemmer av NLR. Detaljert prisliste i botnen av saka. Det er du i samråd med rådgivaren som bestemmer innhaldet i avtalen.
Ein typisk avtale kan sjå slik ut:
- Kome i gang før sesongen. Klargjere utstyr, evt. legge inn data/arbeidsplaner.
- Oppfølging/vurdering undervegs. Eventuelt sjå på tildelingsfiler e.l.
- Datahandtering etter sesongen.
- Oppsummering etter året, planer for neste år
Dette tilpassar vi sjølvsagt til dine behov og ditt nivå. Vi kan for eksempel ta for oss sporfølgar/autostyring på første besøket, så kan vi konsentrere oss om gjødselspreiar på besøk nummer to og så vidare. Slike ting avtaler vi før første besøk.
Rådgivinga blir gjort ein til ein heime hos deg. Viss det er meir hensiktsmessig kan vi også ta noko over Teams. Trengst det meir tid, løyser vi det med å avtale tilleggstimar til timepris attåt.
Vil du sjå ting frå lufta, eller ha oss til å flyge over areala dine for å bruke bilete som støtte, eller bilete/sensordata til eksempelvis tildelingsfiler, avtaler vi det spesielt. For droneflyging vil det vere eit pristillegg.
Priser:
Tjeneste | Medlem | Ikke medlem |
NLR Rådgivingsavtale presisjonslandbruk | 10.000,- /stk | 20.000,- /stk |
Tilleggsrådgiving* | 935,- /time | 1.870,- /time |
Pristillegg for dronetenester: | Etter avtale | Etter avtale |
Inkludert frammøte, enkel rapport og 4x2 timar rådgivingsbesøk
*Gjeld for utarbeiding av tildelingsfiler, filkonvertering som må utførast utanom rådgivingsbesøket m.m.