I sauehaldet utgjer kostnadar knytt til fôring rundt 80 prosent av dei variable kostnadane, basert på nøkkeltal frå Jæren Rekneskapslag 2023. Dersom ein samanliknar bøndene med 30 prosent høgast dekningsbidrag per søye utan tilskot mot bøndene med 30 prosent lågast dekningsbidrag per søye utan tilskot så har dei ein differanse på ca. 300 kronar i kostnadar forbunde med fôring per søye. Rundt halvparten av differansen utgjer kostnadar til kraftfôr. Det understrekar at det hjå mange bønder er eit potensial til å auka lønnsemda i sauehaldet gjennom ei meir strategisk og målretta fôring.
Rett kvalitet på grovforkvalitet vil alltid bety eit fôr med høg hygienisk kvalitet! Utan mugg og jord. Rett pH i surforet og ikkje for høgt ammioniakk eller syreinnhald (mjølkesyre, eddiksyre og propionsyre) og lite smørsyre. Det skal også være reint på fôrbrettet.
Gjennom året varierer behovet frå berre vedlikehald til stor mjølkeproduksjon. Det er denne bestillinga frå fjøset som er utgangspunktet for grovfôrproduksjonen vår. Vi må ha grovfôr med ulik kvalitet til ulike periodar av året. Med ein god strategi for grovfôrproduksjonen, kan vi gjennomføre ei fôring med svert stor grovfôrandel.
Ikkje glem mineraler
Grovfôret bør innehalde nok vitaminer og mineraler, viss ikkje må vi supplere med dette. Vitamin A og D må tilføres gjennom fôret. Innhaldet av mineraler varierer utover landet og berre ei prøve av fôret vil gje oss svar på om det er høveleg. Dyra må ha tilgang på salt heile året, om ein bur litt inn frå sjøsprøyten. Generelt vil dyra ha eit behov for ekstra mineralar saman med det høsta grovfôret. Erfaring viser at dyr som får mindre enn 3-400 gr. kraftfôr pr dag, bør få tilgang på mineralnæring. Ute på beite vil dyra ofte ha tilgang på meir urter og kløver og dermed betre påfyll med mineralar.

Årshjulet med sauen
Det er stor skilnad i kor lang inneforingssesongen er i Noreg, frå tre månader ved kysten i Rogaland til 7,5 månadar i fjellstrøka i Innlandet. Fleire plasser langs kysten er dyra ute heile året, her vert mykje av grovfôropptaket frå beite. Dei aller fleste plasser her også må dyra ha høsta grovfôr og kraftfôr i tillegg, for å greie vinteren.
Lågdrektighetsperiode
Fôret i paringsperioden bør ha middels energi / protein slik at dei er rusta til å få lam. Kanskje treng dei litt ekstra etter høstbeitinga – det er viktig å halde opp eit god hold på dyra. Viss ein slit med lite lam, vil ei auke i energitilførselen kunne gi fleire lam (flushing). Det er kome fram i forskninga at feite sauer har dårlegare morkakautvilking og kan føre til færre og svakare lam. Med godt grovfôr kan vaksne sauer greie seg utan kraftfôr, men mange gir alle dyra noko kraftfôr i denne perioden. Det er viktig med ei stabil fôring fram til 3 veker etter at siste søya er para, for at befrukta egg skal feste seg. Store endringar i fôring og for sterk fôring i første tredjedel av drektigheita kan gje auka forsterdød.
Vedlikehaldsfôret på vinteren må ha så lite energi og protein, at dei kan få så mykje grovfôr at dei trøyer seg og blir mette, utan at dei blir overfôra og feite. Ein må ha med at vaksne dyr kan ete det dobbelte av det dei treng av grovfôr om vinteren. Livlam og gimrer er i ein annan situasjon da båe aldersgruppene skal vekse og i tillegg er gimrene i tannfelling og et seint. Av desse vil mange trenge noko kraftfôr i tillegg, da dei ikkje har full kropsstorleik og klarer ikkje ta opp så mykje fiberrikt fôr som dei vaksne. Etter kvart som det unge dyret vert større, aukar også vedlikehaldsbehovet. Eit høveleg vinterfôr vil ha 0,77-0,8 FEm/ kg ts, PBV ca null, AAT over 70. Råprotein over 120 g og fiber (NDF) på ca 550 g/kg ts. Eit fôr med tørrstoff på 35% er ofte meir smakeleg enn eit på 50%.
Det er viktig å halde dyra i jamt hold gjennom vinteren. Lurer du på holdvurdering så sjekk ut Animalia sine nettsider. Å lære seg holdvurdering er svert nyttig for å registrere effekten av fôringa, og oppdage dyr som ikkje er i rett hold i tide. Lurt å holdvurdere 3 veker etter paring, da kan ein greie å gjere noko med holdet før lamminga. Har ein enkeltdyr i ei gruppe som avviker, bør ein omgruppere om ein har mogleghei til det, holdpoeng på 3,5 er anbefalt. Tynne vaksne kan plasserast hjå gimrene, gimrer i svert god hold kan over til vaksne.
Høgdrektighetsperiode
Når vi nærmar oss lamming aukar behovet for energi og protein. 6-8 veker før lamming bør vi starte å fôre med lammingsfôret. Dette må være eit grovfôr med mykje energi og proteiner og mindre fiber enn vinterfôret, slik at dei greier å ete mykje mengde sjølv om vomvolumet går ned. Opptrappin med noko kraftfôr vil vere aktuelt. Eit høveleg lammingsfôr vil ha over 0,86 FEm/ kg ts, PBV ca 20, AAT over 75. Råprotein 140-160 g og fiber (NDF) på rundt 500 g/kg ts. Vi anbefaler å ta ut fôrprøve inkl. mineraler av det ein tenkjer å bruke som lammingsfôr, her er det viktig å ha godt nok fôr.
Når teksene har lamma er vomvolumet større, så dei klarer å ta opp meir av det gode lammingsfôret. Behovet er no svert stort både for energi og protein. No skal det beste grovfôret brukast, godt grovfôr og supplering med kraftfôr etter tal lam vil fungere. Dei bør ikkje få meir enn 300 gr kraftfôr pr fôring, dvs at store mengder kraftfôr bør tildelast fleire gonger i døgnet.
Om dyra ikkje er inne for lenge, vil det bli mindre utfordring med fôringa. I tabellen under ser vi fôrbehovet til mjølkeproduksjonen på vaksne NKS i tillegg til vedlikehaldet på 1 FEm.
Antall lam | Tilvekst (g/dag og lam) | FEm | AAT (g) | PBV (g - nedre grense) |
1 | 400 | 1,2 | 120 | 0 (-20) |
2 | 300 | 1,8 | 185 | 0 (-20) |
3 | 250 | 2,4 | 250 | 0 (-20) |
Å få dyra ut på eit godt vårbeite er det beste for sauer med stor mjøkeproduksjon. Dyrkamark og kulturbeiter som er godt stelt og eventuelt gjødsla, vil ha god nok kvalitet til sauer med lam. Ein reknar om lag 1 sau med lam pr daa eng på våren. På kulturbeiter må ein rekne noko større areal pr. tekse.
Høstbeite på dyrkamarka er til kjøttproduksjon på lam, og livlam. Treng ein meir høstbeite er det å gjødsle enga nødvendig. Ein kan også vurdere fôrraps eller raigras på noko areal om ein veit det vert mykje oppfôring på høsten av for små lam. Ein anbefaler ikkje fôrraps til livlam. Gimrene som har gått med lam om sommaren treng òg eit godt høstbeite. Det kan høve godt å etterbeite etter lamma på desse areala. Vaksne dyr som berre treng vedlikehaldsfôr, klarer seg godt på kulturbeite om høsten.