På Langesethøgda vest for Stryn sentrum, driv Gunn Skrede og Tor Jørgen Haagensli Langeset Gard. Garden ligg vakkert plassert i eit imponerande vestlandslandskap. Dei har ammeku med framfôring til slakt, samt frilandsgris, grønsaker, poteter og egg til eige hushald. Garden er på 75 daa dyrka mark, 30 daa innmarksbeite og 600 daa skog.
Draumen som tok form
Gunn tok over familiegarden i 2010 medan ho studerte. Garden var då forpakta til faren, og drifta blei lagd om til framfôring av oksar i det gamle mjølkekufjøset frå 1884. I 2017 tok paret over drifta saman, og dei investerte i rasen Tiroler Gråfe, kjende for sine rolege og robuste eigenskapar. Dei hadde store visjonar, men ulike tankar om korleis garden burde utviklast.
– Eg følte meg aldri heime i industrilandbruket, fortel Gunn. Ho drøymde om sjølvberging, reine råvarer og nærleik til både dyr og natur. Tor Jørgen, derimot, var overtydd om at framtida låg i større drift med fleire dyr og meir avanserte maskiner. Han skulle ha hovudansvar, og dermed leigde dei ein kostbar traktor og planla å bygge eit nytt fjøs for å maksimere og effektivisere drifta.
Lærdom gjennom utfordringar
I 2018 blei det teikna eit fjøs for 26 ammekyr og påsett.
– Eg fekk tidleg kalde føter, fortel Gunn, og legg til at ho fekk ei sterk kjensle av at eit slikt prosjekt ville vere økonomisk uforsvarleg, og at dei mangla kunnskap om jord. Ei bok om jordhelse opna ei ny verd, og etter kvart utforska dei heilskapleg gardsplanlegging.
– Det var då eg kom meir på linje med Gunn, seier Tor Jørgen. Dei forstod snart at nybygging ikkje var rett for dei. Trass i gode møte med NLR og Innovasjon Norge, og moglegheita for lån, valde dei å renovere det gamle fjøset med påbygg. Bygget stod ferdig i 2019, med plass til 20 ammekyr og 5 ungdyr.
Dei første åra som Gråfe-bønder var krevjande. Eigedomen på Langeset har ikkje beiterett i utmarka, og dyra vert ikkje sendt til fjells om sommaren. Kvigene rømte, beita var i dårleg stand etter mange år med kontinuerleg beiting, og den dyrka marka var prega av ugras. Mykje av arealet var ikkje fornya sidan 90-talet, noko som førte til at dei måtte leige meir jord for å produsere nok fôr. Fjøset skulle jo fyllast!
Paret streva med både arbeidsmengda og økonomien, og kjende på den stadig aukande tidsklemma frå fulltidsjobbar utanom garden.

Ei ny retning
Våren 2020 kom eit vendepunkt. Paret måtte tenkje nytt om beitinga for å utnytte areala best mogleg, og såg seg nøydde til å ta i bruk all dyrkamark i tillegg til innmarksbeita. Det var då dei byrja med målretta beiting, ein metode inspirert av naturen der flokkar av beitedyr trakkar, beitar og gjødslar intensivt på eitt område over kort tid, før plantane får lang kviletid. Flyttinga av dyra blir heile tida tilpassa bonden sine planar, planteveksten og observasjonar på beita. Målretta beiting skulle på sikt både auke grasveksten og redusere behovet for tilleggsfôring. Dei tok også grep som å selje traktoren og investere i lettare utstyr, noko som reduserte både kostnader og jordpakking. Likevel måtte dei starte med rundballefôringa ute allereie i august, berre eit par månader etter beitesleppet, som på Langeset skjer rundt 1. juni.
Frå tvil til forandring
Naturen viste tydelege teikn på positive forandringar, men økonomien fortsette å vere trong. I 2022 gjekk paret på ein smell: Gunn var høggravid, og både ho og Tor Jørgen kjende framleis på tidsklemma som følgje av fulltidsjobbar utanom garden. Sjølv med dei mange areala med leigejord dei slo dette året, måtte dei kjøpe inn mykje grovfôr. Økonomisk sett var dette lite forsvarleg, og arbeidsbelastninga var altfor stor.
– Vi var i full jobb begge to, hadde ein unge på 1,5 år, nummer to var på veg. Vi brukte mykje av eigenkapitalen vår og jobba altfor mykje, både heime og borte. Vi var rett og slett slitne, blakke, og kom oss aldri i mål. Vi var usikre på om vi skulle fortsetje eller legge ned drifta, seier Gunn.
Paret erkjenner at dei frå ein økonomisk ståstad kanskje burde ha lagt ned drifta, men ønsket om å forme landskapet og leve i nærleik til dyr, natur og sunn mat, gjorde at nedlegging ikkje var eit alternativ. Fleire tiltak måtte til. Dei inseminerte færre kyr og slakta dei problematiske dyra, og dette resulterte i at dei gav frå seg ein del leigejord.
– Vi bestemte oss også for å beite meir intensivt. Vi gjorde heilt motsett av det alle andre sa, smiler Tor Jørgen. Dyra blei flytta oftare, og beita fekk lengre kviletid før dyra kom tilbake. Resultatet var ein kraftig gjenvekst, og i løpet av sesongen blei areala på Langeset beita éin gong – i motsetnad til tidlegare, då dei hadde tre avbeitingar i løpet av året.
– Vi tenkte meir på livskvalitet, sparte tid, og dyra hadde det betre enn før. Vi vurderte alltid no-tilstanden og tilpassa beiteplanen for å nå målet vårt, seier Tor Jørgen. I 2023 kunne dyra deira beite til månadsskiftet september - oktober utan å måtte tilleggsfôre.
– Strategien vår lukkast: Vi unngjekk mykje ekstra arbeid og sparte to månader med grovfôr, seier Gunn.

På rett veg?
Redusert behov for vinterfôr har gitt positive resultat både økonomisk og tidsmessig. Etter rundt fire år med berre beiting på heimegarden, slo dei i 2024 for første gong 12 daa og var svært nøgde med avlinga. I tillegg beita dyra heilt til slutten av oktober sesongen 2024. Til samanlikning var avlinga på leigejorda, som blir gjødsla med gylle, men ikkje beita, rundt halvparten så stor.
Framtidsplanar og ressursutnytting
For 2025 er planen å auke det eigne slåttearealet til 25 daa og forlenge beitesesongen til snøen blir for djup. Tor Jørgen skal vere fulltidsbonde delar av året, spe på inntektene med hogst i eigen skog, og ha inntektsgjevande arbeid utanfor garden om vinteren. Gunn, som er fysioterapeut, legg vekt på at beitande dyr er avgjerande for landskapet.
– Vi kan ikkje ta vare på landskapet vårt utan å halde det ope med beitande dyr. Etter nokre år viser årlege målingar i NLR-prosjektet om målretta beiting positive endringar i biologisk mangfald, jordstruktur, vasskretslaup og landskap på Langeset, noko som stadfestar bøndene si erfaring.
Målretta beiting for betre jord- og økosystemhelse
Å hauste av naturens overskot
Paret vurderer at dagens flokk er litt i meste laget for dagens ressursgrunnlag på eigen gard. Målet er å justere dyretalet slik at det samsvarer med fôropptakspotensialet på beita, og å produsere vinterfôr på ein kostnadseffektiv måte. Heilskapstenking, livskvalitet og økonomi er avgjerande.
– Mottoet vårt er ‘tilbake til røtene’, både symbolsk og bokstaveleg. Vi vil føre vidare tradisjonane som har gått i arv gjennom generasjonar. Målet er å hauste av overskotet og samstundes gi noko tilbake til naturen. Garden skal leverast vidare til neste generasjon i betre stand enn då vi tok over. Vi brenn for å produsere sunn og god mat basert på reine råvarer. For å få det til, må vi ha gode røter – i dobbel forstand – og ei jord som er frisk og i balanse, seier Gunn.
Mykje har forandra seg sidan Gunn og Tor Jørgen starta med heilskapleg gardsplanlegging og målretta beiting. Dei ser no ei positiv utvikling i økonomien. Hovudsakleg fordi dei har redusert bruken av kjøpte innsatsfaktorar og i staden utnyttar ressursane som allereie finst på garden. Samstundes merkar dei livlege endringar i naturen rundt seg. Fleire insekt og fuglar, og nye plantar har funne vegen tilbake.
– Dette er ein langvarig prosess, og vi ser at ting går rette vegen, seier Tor Jørgen. Paret vonar at fleire gardbrukarar kan sjå bort frå eit einsidig fokus på økonomisk vekst og effektivitet, og i staden verdsetje mjukare verdiar som jordhelse, omsorg for dyr og respekt for naturen. Erfaringane deira viser at ein praksis med regenerative metodar kan styrke både drifta, økonomien og det biologiske mangfaldet over tid, til glede for både menneske og miljø.