Prisane på dei mest aktuelle fullgjødseltypane fall med ca. 6 % (40 øre pr. kg) frå juni til juli. OPTI NS 27-0-0-(4S) fekk ein liten prisoppgang. Gjødselprisane er no på eit nivå vi ikkje har sett sidan sommaren 2021.

Fullgjødsel 25-2-6 kostar no 21,30 kr pr. kg N. Det er berre 2 kroner meir pr. kg N enn i juni 2021. OPTI NS 27-0-0-(4S) er også berre litt dyrare i dag enn for 3 år sidan.

Det er alltid knytt usikkerheit til kva som er rett kjøpstidspunkt for gjødsel, men det er truleg lite sannsynleg at prisane går mykje meir ned. Risikoen for å gjere ein dårleg handel slik prisane er no er låg.

Graf
Figur: Gjødselprisar FKA 3. juni og 1. juli 2024 (inkl. båtfrakt til terminal).