Hei, eg heiter Jonas Dalland og er 25 år. Eg kjem frå ein gard på Radøy der far min driv med sau. Samstundes har eg vore mykje med i drifta på nabogarden der dei driv med mjølkeproduksjon og leigekøyring.

Som følgje av stor interesse for jordbruk med mjølkeproduksjon og maskiner så gjekk eg tre år på Blæstad. Der tok eg ein bachelor i landbruksteknikk.

Eg gler meg no til å arbeide i eit godt fagmiljø i NLR, der eg kan lære meir og arbeide saman med dyktige rådgjevarar og bønder. I løpet av neste år vil eg også starte med funksjonstesting av sprøyter. Først og fremst vil de finne meg i Nordhordland, der eg vil ta jordprøver utover hausten. Ein del av jobben min er også innan presisjonslandbruk. Eg er tilsett i eit vikariat og har kontorstad på Kokstad.

Jonas Dalland