Onsdag 30. oktober vart det arrangert markdag om drenering i Fjærland i Sogndal kommune. Dei som har vore i Fjærland, veit at det er eit unormalt flatt vestlandslandskap. Ein flat dalbotn omkransa av bratte fjellsider der toppane er kledde av isbre. Gjennom dalføret renn det to store elver som buktar seg mot fjorden. Desse forutsetningane gjev tydeleg litt andre utfordringar enn mange her i distriktet er vande med. Det som gjorde lokasjonen om mogeleg endå betre eigna til dagens tema, er namnet. Våtevik. Kanskje ikkje overraskande at det er utfordringar med vatn på ein slik stad.
Rådgjevar Trygve Torsteinsen heldt foredrag der dei frammøtte fekk vere aktive og kom med spørsmål og erfaringar. Vi var innom dei fleste tema rundt drenering, profilering, avskjering og avrenning. I tillegg supplerte ein representant frå kommunen med ei innføring i søknadsprosessar, lovverk og tilskot. NLR Region Vest har eit pågåande prosjekt som omhandlar kompetanseoverføring til fleire rådgjevarar, Åsmund Seljeset og Hege Alsaker var difor tilstades for å utveksle erfaringar og lære av Trygve og bøndene. Etter å ha diskutert fleire konkrete problemstillingar i Fjærland, gjekk vi ut for å sjå dei og diskutere løysingar.
Utfordringar for Fjærlandsbonden
På elveslettene ovanfor bremuseet er terrenget høgst på elvekanten, og så skrår det svakt nedover inn mot fjellet. Når det er flaum i elva, kan det hende det står vatn på overflata lenger inne. Dermed vert det umogleg å drenere ut vatnet kortast veg. Ein open hovudkanal nesten inne ved fjellfoten, og profilering av slettene, var feltverten si løysing. Ho profilerte utan opne kanalar, her var det gras heile vegen mellom alle profilane. Det gav god drenering, og ein positiv konsekvens var at i år med isbrann, var det berre ei smal stripe mellom profilane som vart råka.
Dei hadde frå gamle dagar lagt opp smale profilar for hand, 5-6 meter breie. Seinare hadde dei slått saman to og to av desse profilane - litt etter litt. Deretter slo dei saman to og to av desse igjen, slik at dei no har profilar på godt og vel 20 meter. Med vendeteig i begge endar, slår ho no to og to av de breie profilane og får eit rasjonelt køyremønster. Lengst inn mot fjellfoten var profilane lagt på tvers av dalen, og munna ut i den opne kanalen. Desse opplever ho som litt for krappe til den nye rundballepressa, og må senkast litt for å tilpasse det til nye og større maskiner.
Vedlikehald av profilane skjer med plog. Startar på midten, og legg fora oppover. Det same med slådd og harv, ho prøver å dra jordmassane oppover profilet. Utover dette var mykje av dreneringsarbeidet å ta hand om overflatevatn som kom ned frå fjellet. Det kunne forsvinne inn i skredmassar, og dukke opp kvar som helst. Dette er ei problemstilling vi ser i fleire dalføre på Vestlandet.
Låg infiltrasjonsevne
Ferda gjekk vidare til ein annan lokasjon lengst inne i Supphelledalen. Der ligg endemorena 2 meter utanfor gjerdet, og det kom mykje vatn ned frå fjella på begge sider. Heile dalen er gamal sjøbotn, med elveavsetningar og til dels skredjord oppå den. Elva har nok endra løp mange gonger i løpet av historia, og lagt att ein mosaikk av mineralmassar med ulik tekstur. Vi lærte eit nytt ord, grande, som betyr fin og jamn elvesand (pussesand). Der låg grande langs dei fleste gamle bekkefar.
Skifta på det aktuelle bruket var tilnærma flate, men med ei svak helling både inn mot midten av dalen og også nedover i dalen. Topplaget var eit tynt lag moldhaldig silt, og så mykje stein vidare nedover i profilet. Det var tydeleg at det skulle svært lite til før at det danna seg eit lite søkk, og der vart vatnet ståande. Det hadde vore interessant og fått studert vidare på kva som gjer at infiltrasjonsevna er så dårleg her.
I motsetning til dei fleste andre bruk i området vårt, har nokre av bøndene i Fjærland aukande dreneringsproblem jo varmare (og tørrare) våren er. Då aukar bresmeltinga, og elva stig. Dei teigane som ligg ein meter eller to høgare, vert samstundes utsette for tørke. Høyrest ut som at du treng eit vatningsanlegg, ikkje drensgrøfter, og vatn har du jo nok av? Joda, svara bonden. Problemet er at brevatnet er så kaldt at ein får frostskade på graset.
Å finne ei løysing
Ei mogleg løysing vi diskuterte oss fram til, var å bruke all den steinen han plukka og bruke den til å lage grøfter. Ved å plassere dei med omhug, får ein samtidig heva terrenget noko i dei lågaste områda. Trygve råda han til å gjere nokre prøvegravingar for å sjå om det var tette sjikt lengre ned i profilet (aurhelle, blåleire e.l.) Kanskje kan det og vere ein ide å prøve ein ripper / grubb, starte på kanalkanten og prøve å opne nokre sliss innover teigen.
Erfaringa var også at pløying hjelper. Først fekk ein snudd og brote opp dei øvste centimeterane med silt som er tetta att av blautmøk og pakking, deretter fekk ein jamna ut terrenget noko, fjerna hjulspor o.l.