Årets testsesong av sprøytedronen vart avslutta med fagdag på Velure 30. oktober. Trass regn og dårleg vær møtte 16 interesserte fruktdyrkarar. Vi demonstrerte dronen, men det var litt vind og forholda var ikkje heilt optimale. Før i haust har vi registrert avsetning og avdrift ved bruk av forskjellige væskemengder per dekar og forskjellige dråpestorleikar. Vi har nytta papirstrimlar for å registrere dråper som treff blada i ulike høgder i trea, på bakken, over trea og på sida av trea. Mengda dråper på papiret vert lesen digitalt. Sidan det ikkje er lov å sprøyte plantevernmiddel med drone, har vi sprøyta med vatn tilsett blåfarge.

Dronen skal nå ein tur til Agroteknikk, før vi pakkar den bort for vinteren. Til våren startar vi oppatt med testsprøytingar. Då håpar vi å få dispensasjon til å sprøyte med plantevernmiddel, slik at vi kan registrere om dronesprøyting gjev god nok effekt mot skadegjerarar i frukthagen.

20241016 110655
20241016 122126
20241030 123150
20241016 105320
20241016 124521