Bygningsplanleggarane var på kombinert fagtur/synfaring 03-04 juni. Vi var i Aurland, Fjærland, Høyanger, Jølster og Stryn. Sjå under for bildeserie med tekst frå fagdelen av turen.

Her er vi på besøk til Geir Ståle Støfring i Jølster. Her er det under arbeid tilbygg til eksisterande driftsbygning for ny velferdsavdeling og mjølkerobot. NLR er delaktig i kontrahering/framdrift/HMS og byggesøknad.

Skjermbilde 2024 07 01 141604
På bilde frå venstre, Stig-Andre Solheim og Olve Flo Sunde, begge NLR og Geir Ståle Støfring.

Her er vi på besøk til Eli Aabrekk og Stian Fenne i Jølster. Her er det under arbeid tilbygg til eksisterande driftsbygning som ledd i omlegging til lausdrift, samt ombygging av eksisterande driftsbygning. NLR er delaktig i planlegging/prosjektering og byggesøknad.

Skjermbilde 2024 07 01 141624
På bilde frå venstre, Stig-Andre Solheim og Olve Flo Sunde, begge NLR og Stian Fenne.

Her er vi på besøk til Lasse Hjelle i Hjelledalen. Her er det under arbeid tilbygg til eksisterande driftsbygning som ledd i omlegging til lausdrift, samt ombygging av eksisterande driftsbygning. NLR er delaktig i HMS/kontrahering og byggleiing.

Skjermbilde 2024 07 01 141640
På bilde frå venstre, Stig-Andre Solheim og Olve Flo Sunde.