Kvart år brenn det driftsbygningar i landbruket, med tap av dyr og andre verdiar. Brann og redningstenestene har kunnskap og erfaring med å sløkkje brann. Dei har sterkt fokus på å sikre skadestad, men lite kjennskap til farane på eit gardsbruk, eller erfaring med praktisk handtering av storfe og andre husdyr. Dette var tema då Norsk Landbruksrådgiving, Oppstryn bondelag og Stryn Sau og Geit inviterte til brannøving på Kirkeeide Samdrift i Stryn 14.mai.

Det var eit stort tal bønder som tok turen til Kirkeeide Samdrift denne varme maidagen. Om det var lukta av grillmat frå Nortura eller det viktige temaet på fagdagen som lokka dei vekk frå våronna vitast ikkje. Det som derimot var sikkert var at det var fornøgde bønder som forlet samdrifta nokre timar seinare. Opplyste og mette kunne tankar om eigen brannsikkerheit og beredskap modne på veg heim.

20240514 184546
Foto: Trude Iren Saure og Kolbjørn Taklo
IMG 8491
Foto: Trude Iren Saure og Kolbjørn Taklo
IMG 8513
Foto: Trude Iren Saure og Kolbjørn Taklo

Dette var også tema på fagdelen av brannøvinga. Trude Iren Saure i NLR, Per-Asbjørn Andvik i Gjensidige og Kjell Rune Flo i Flo Brannsikring var samstemte i viktigheita av ein god beredskap, og at førebygging er det viktigaste bønder kan gjere for brannsikkerheita på garden. Det er lettare å førebygge enn å sløkkje ein brann! Det vart også oppmoda om å tenke naboberedskap. I distrikts-Noreg er avstanden til næraste brannstasjon gjerne nokre mil, og gode nabobønder med til dømes dyrevogn eller gjødselvogn fylt med vatn er gode å ha.

Fagdagen vart avslutta med stor brannøvinga. Bonde Ingebrigt Kyrkjeeide, sende ut naudmelding om brann og sakna personar inne i samdrifta. Dei frammøtte kunne observere røyk ut vindauga og brannalarmen ulte. Nokre minutt seinare kom naudetatane til staden. Brannvesenet stilte mannsterke i lag med ambulansetenesta. Røykdykkarar henta ut skada personar og overlèt dei til helsepersonellet. Om ein ikkje visste betre, kunne dette vere scener tatt direkte i frå ei ekte hending. Naudetatane gjorde ein god jobb med å spele ut ei realistisk øving. Siste del av brannøvinga var å få evakuert kyrne. Ei oppgåve som i ekte brannar viser seg å vere svært utfordrande. Det var heller ikkje enkelt denne gongen. Kyrne gjorde slik dei gjerne gjer ved brann, går inn igjen i fjøsen. Eit større tal tilskodarar og brannvesen på utsida, gjorde nok ikkje evakueringa enklare, men alle melkekyrne kom seg ut til slutt. Undervegs i brannøvinga vart det gjort filmopptak, og dette resulterer i film med støtte frå Gjensidige.

Denne fagdagen er ein serie med fagmøte med fokus brannberedskap i Vestland i regi av NLR. Dei neste blir arrangert til hausten, fylg med for datoar!

Sjå bildeserie:

IMG 8486
20240514 184658
IMG 8453