Etter ein mai med kulde og håp om at det ville gjere bondens lader fulle, vart det brått både tørt og svært varmt i juni. Nokre stader har dette vêret gjeve gode avlingar, medan andre stader har vêrsituasjonen verka negativt for slåttegraset og beitekvaliteten. Om du allereie no ser at avlingstapet vil bli stort, er det lurt å dokumentere dette no. Ta bilete av tørkeskader i enga og hugs gode avlingsregistreringar.
Les meir om erstatningsordning ved avlingsskade her: Statsforvaltaren Vestland.
No når me er komne til solsnu er det på tide å summa seg litt, rekna litt på kva ein har av grovfôr, få unna gjødslinga til neste slått og gjerne friska opp kulturbeita med beitepuss, gjødsling og ugrastyning. Og kanskje minst like viktig; få planlagt og gjennomført litt ferie!
Langtidsvêrvarsel som er under utvikling gjennom prosjektet «Climate Futures», spår at juli vil bli varmare enn normalt og med normale nedbørsmengder. I praksis vil dette kunne tilseie at graset vil kunne vekse fort og godt dersom det vert gjødsla tilstrekkeleg. Hugs at det bør gå minst 4 veker frå gjødsling til slått.