NLR Vest dekker eit stort geografisk område frå Sunnhordland til Sunnmøre med store skilnader i klima og vekstforhold for grasdyrking. Denne veka har slåtten starta i dei tidlegaste bygdene medan bøndene i dei seinaste bygdene har avslutta gyllinga.

Høgenergifôr og 3 slåttar

Dei som har slått denne veka eller planlegg å slå no til helga satsar på å ta tre slåttar. Det har vore kaldt fram til det siste, så utviklinga i graset har hatt eit moderat tempo. Det betyr at energiinnhaldet i graset som er hausta denne veka har vore godt. Dette gjeld først og fremst Sunnhordland og Hardanger, men også på tidlege stader elles i Hordaland og lenger nordover, er slåtten i gang.

I skrivande stund, fredag 9. juni, er varmen endeleg komen til heile Vestlandet. Det er venta høge temperaturar i heile 10-dagarsperioden vi har framfor oss; heitast vert det i indre strok. Dette betyr at utviklinga i graset, og med det nedgang i både energi- og proteinmengde, skyt fart. Dette viser att på prognosane som er presentert i denne artikkelen.

Oppsummert:

  • Graset som er hausta denne veka har hatt høg fôreiningskonsentrasjon (= supert mjølkefôr).
  • Tidlege stader nord for Bergen:
    • Vil du ha høg fôreiningskonsentrasjon må det haustast no i helga/rett over helga.
    • Ynskjer du høgare avling og aksepterer ein energikvalitet under 0,90 FEm/kg ts kan du vente til ut i komande veke før du set i gang slåtten.
  • Litt seinare stader:
    • Energirikt fôr får du i slutten av komande veke også.
Etne
Timoteidominert eng. Vêrdata/vêrprognose Etne. (Kjelde: NLR Rogaland)FEm/kg ts
29.05.230,95
05.06.230,91
12.06.230,85
Sandane
(1. års timoteieng) vêrdata/vêrprognose SandaneFEm/kg ts
30.05.230,99
09.06.230,90
15.06.230,81
Olden
2.års timoteieng. Vêrdata/vêrprognose Loen.FEm/kg ts
30.05.230,95
09.06.230,89
15.06.230,83
Førde, Bruland
Allsidig, eldre eng. Vêrdata/vêrprognose Sandane.FEm/kg ts
31.05.231,01
09.06.230,92
15.06.230,81
Fjaler, Straumsnes

1. års eng spire surfôr/beite vestland. Vêrdata/vêrprognose

FEm/kg ts
01.06.231,0
09.06.230,93
15.06.230,85
Voss, Skulestadmo.
Timoteidominert eng. Vêrdata/vêrprognose UlvikFEm/kg ts
31.05.231,06
04.06.230,98
09.06.230,94
15.06.230,86
Grasprovetabell2
Oversikt over prøver som er tekne.
Grasprove