På markdagen 6. juli vart både HMS og ulike utfordringar i plantedyrkinga diskutert. Jordstruktur er som kjent svært viktig i planteproduksjonen både i høve til jordliv, avling og karbonbinding. I økologisk drift er god jordstruktur avgjerande etter som ein ikkje kan kompensera med lett-tilgjengeleg mineralgjødsel. Å ta opp ei jordblokk med spade er ein fin måte og studera jorda på.

GR bilde 2

Høymole vil som regel vera til stades i dei fleste engene uansett driftsmåte. Erfaring tilseier at i økologisk drift vil høymole over tid verte mindre dominerande, men uansett vil oftast ein årleg innsats mot høymola vera nødvendig. Det er enkelt å ha kontroll ved få høymoleplantar og eit høymolespett kan då vera eit nyttig reiskap. Når det er vorten «høymoleskog», må det andre tiltak til. Pløying kan vera eit slikt tiltak. Å pløya har både positive og negative sider. Det er ingen tvil om at pløying går utover jordlivet, og det vert også sleppt ut klimagassar. Utan pløying og bruk av kjemiske middel kan alternativet ved «høymoleskog» verte dyrking av høymole i reinbestand som gjev dårleg avling både i mengde og kvalitet og er dessutan ein dårleg karbonbindar. Ei god pløying gjerne djup, bruk av forplog og deretter tilsåing med ei allsidig frøblanding av arter og sortar tilpassa lokale forhold kan gje betre avling, meir karbonbinding og oppbygging av jordlivet. Sper ein på med kompost og husdyrgjødsel kan ein få eit godt jordliv på sikt.

GR bilde3
GR bilde 4