Ho er idyllisk, bygda innunder breen, Veitastrond. Frodige bøar med god vekst i graset, mektig natur og sterke fargar, gjer at ein kan oppleva ro i sjela i det bygdi opnar seg i enden av ein krunglete og smal vestlandsveg. Men skinnet kan bedra! For dei som driv landbruk i denne bygdi er det nok alt anna enn ro i sjela dei opplever akkurat no.

Når våronna stod på for fullt andre stader, var det framleis ein meter med snø på Veitastrond. Det seier seg sjølv at då blir vekstsesongen kort, og soleis og kortare tid å gjennomføra alle arbeidsoperasjonar før slåtten skal takast. Det er rett og slett ikkje pause mellom våronn og fyrste slått. Dette året ligg det an til at det går fem veker frå snøen smeltar til det blir slått.

Markdag Veitastrand 270623

Tysdag 27. juni var me samla til markdag hjå Silje Nes, fokuset var aktuelle tema før slått, og det var ikkje vanskeleg å fylla dei to timane som var avsett. I enden av plenen kunne me sjå ei fin nylenda med raigras på ein kant, og fin eng med god vekst på den andre. Diskusjonen gjekk godt om når det vart slått, og korleis ein kan fylla dei fleste sine ynskje, om å få både nok fôr og god kvalitet på det fôret ein bergar. Balansegangen mellom mengde og kvalitet er vanskeleg å finna fasiten på. Rådgjevarane Marit Henjum Halsnes og Lise Elvagjeng fortalde om korleis innhaldet i planta endrar seg etter kvart som ho veks. Det vart og mykje fokus på turrstoff-prosent i gras, og føremoner ved stubbing av graset rundt 10 cm. Då passa det og godt at det var investert i ei spreierive, som var ledig for leigekøyring.

Markdag Veitastrand 270623 Sprederive

Med tanke på nok mengde kom me også naturleg inn på fornying av eng og ugraskamp. Pløying er arbeidskrevjande og dyrt, kan direktesåing vera eit alternativ for å tøya pløyefrekvensen litt? Nyleg vart det investert i ei HE-VA Eik Engfornyer i bygda, og det legg forholda godt til rette for at det går an å leiga litt i såing til tider. Ugraskampen kan verka endelaus, og ofte er sprøyting einaste løysinga. Med NLR Vest sin verknadstabell for ugrasmiddel fekk me ein god diskusjon kring kva som er viktig, og som må vera på plass, for at ugrasmiddelet skal virka optimalt fyrst og fremst. Også kva middel som er best på dei ulike ugrasa. Men veitastrondsbøndene er framoverlente, dei diskuterte og mykje angåande andre tiltak som verkar førebyggande for å unngå uynskte vekstar. Korleis kan forholda leggjast til rette for graset slik at det best mogeleg klarar å fortrengja ugraset.

Markdag Veitastrand 270623 Samaskin