Ein av markdagane i år var lagt til eit demofelt i Kvam i Sogndal, der det i 2022 vart sådd eit felt med 6 ulike blandingar med strandsvingel. Tilsaman er det sådd 12 ruter, der det er sådd same frøblanding i to ruter. Markdagen vart arrangert her for å ta ei vurdering av korleis dei ulike blandingane synte seg fram. I såingsåret vart feltet hausta ein gong. I år har det vore forsiktig vårbeita av sau, og det var difor gjenvekst etter vårbeite vi no såg på. Blandingane som er sådd er: NutriFibre, Strand 22, Strand 24, Strand 27, FK spire surfôr fiber og FK spire surfôr/beite vestland.

Bilde 10 Markdag NV Kvam 05023 a

Det var to ruter med same blanding og alle ruter var merka med vimpelflagg med nummer 1-12. Dei 14 bøndene gjekk frå rute til rute å vurderte dekning av sådde artar, og kor tette og fine rutene var. Dei skulle plukke ut dei to beste rutene og dei to dårlegaste rutene. Deretter var det avstemming der vi talde opp kor mange stemmer dei ulike rutene fekk. Før vi gjekk gjennom resultatet vart feltkartet delt ut, slik at dei fekk vite kva blanding som var sådd i dei ulike rutene. Resultatet vart at det var tre ulike blandingar som fekk flest stemmer i følgande rekkefølgje: Strand 24, FK surfôr fiber og Strand 22. Med dårlegast tilslag var det samstemt frå alle at det var rutene med NutriFibre. Som sagt var dette ei visuell og uformell vurdering i fyrste års eng etter ei overvintring. Framleis dominerer timoteien i dei ulike blandingane, men med 3 slåttar/beite vil timoteien etter nokre år gå ut og strandsvingelen ta over. Det er viktig at desse blandingane vert testa ut fleire stader.

Bilde 11 Markdag NV Kvam 05023 b
Ulik farge og tettheit i rutene mellom dei 6 ulike blandingane.

Målet er å finne ut kva slags blandingar som trivst best i området og korleis dei greier seg gjennom vinteren og mot eventuelle soppangrep.

Bilde 12 20230605 202948

Strandsvingel har djupe røter slik at dei kan hente vatn og næring frå eit stort jordvolum. På denne jordklumpen fann vi mykje meitemakk-avføring, noko som kan tyde på god jordhelse.

Bilde 12 Markdag NV Kvam 05023 j
Demofeltet ligg hjå Nils Vegard Kvam.

Strandsvingel kan vere aktuelt i dei områda der fleirårig raigras går ut om vinteren. Strandsvingel må haustast 3 gonger. Den gjev høg tørrstoffavling, er konkurransesterk og tek over for timotei ved 3 slåttar. Overvintringa er som regel god, men den kan vere litt treig på å etablere seg.