"Sjølv om både kona og eg har eit snev av innsikt i landbruk og grovfôr, er rådgivinga vi får her til god hjelp: Vi får eit lite press for å tidvis tenkje gjennom kva vi driv med, vi får nokre fristar gjennom året der vi bør oppsummere litt, vi får nokon å diskutere ting med, vi får hjelp til å prioritere, og det er liksom litt meir forpliktande «å stå til ansvar» for fleire enn seg sjølve. Pluss at det er godt å ha nokon å spørje som har eit godt fagleg nettverk rundt seg.
Ikkje minst er dette til stor hjelp når vi no har brukt styggmykje pengar på fjøs: Då er vi i langt større grad tvungne til å jakte på marginane i alle ledd av drifta. Gode råd har større verdi når økonomien er trong!
Slik sett undrar det meg at ikkje fleire har ein avtale eller i større grad kjøper rådgiving gjennom sesongen. Her må det drivast tungt innsal av rådgivingsproduktet!"
Utesesongen er godt i gang, men det er framleis tid til å gjere justeringar som skal til for å optimalisere kvaliteten og økonomien i grovfôrproduksjonen. God planlegging og god gjennomføring er viktig for sluttresultatet når året er omme. Vi i NLR Vest tilbyr deg rådgjeving heime på garden. Du brukar oss til det du ynskjer og kor mykje du ynskjer i løpet av sesongen.
Her er nokre døme på område vi kan hjelpe deg:
- Markvandring om våren. «NLR Engsjekken».
- Aktuelt med isåing?
- Val av såfrø. Aktuelt å gå frå 2 til 3 slåttar?
- Plantevern
- Gardsbesøk rett før slått.
- Vurdering av plantevern i attlegg
- Gardsbesøk i haust. Kva skal fornyast? Behov for ugrasbekjemping?
- Hjelp til avlingsregistrering
- Mekanisering. Presisjonslandbruk
Er dette noko for deg? Bestill på nettsida eller ring rådgjevaren din.
Pris per time: 800 kr for medlem. 1330 kr for andre.