12. juni gjekk endeleg prisane på mineralgjødsel kraftig ned. Diagrammet under viser prisnivået før og etter 12. juni. Merk dykk at vi alltid nyttar pris pr. kg nitrogen i våre diagram. Fullgjødseltypane er pr. i dag 29. juni 30-40 % rimelegare enn i mars i år. N-gjødseltypane fall mykje i pris tidlegare i år. Prisane på gjødsel ligg framleis over nivået vi hadde før den dramatiske prisstiginga for 2 år sidan.

OPTI-NS 27-0-0-(4S) er framleis den rimelegaste gjødsla. Svært mange nyttar denne gjødseltypen i lag med husdyrgjødsel. Eng med forventa høgt avlingsnivå, små mengder husdyrgjødsel og lågt kaliuminnhald i jorda, bør ein gjødsle med Fullgjødsel eller NPK-gjødsel for å tilføre nok kalium. Fullgjødsel 25-2-6 vil ofte vere eit korrekt val, men i enkelte tilfelle kan det vere rett å nytte Fullgjødsel 22-2-12/22-3-10. Underdekning med kalium kan gje mindre avling, men det har lite å bety for fôrkvaliteten. NPK 27-2-4 er også ein aktuell gjødsel.

Det er alltid fornuftig å vurdere gjødselkostnad til eit skifte opp mot forventa avling og avlingsverdi. I dei siste to åra har prisane vore så høge at mange har vurdert gjødselbruken grundigare enn før; det bør ein halde fram med!

Gjodselpris