Åsmund Seljeset
Våren kjem for fullt i desse dagar, og med sol, skyfri himmel og frisk timotei, kjem også ugraset. Brått er det tid for å finne fram åkersprøyta, årets gjenlegg skal brakkast, høymola skal vekk, og tida til dette er sjølvsagt knapp. Då er ein avhengig av å ha ei åkersprøyte som fungerer og gir ønskt resultat. Plantevernmiddel er både dyrt og giftig, så får vi ikkje utnytta det slik det skal, kan vi like gjerne la vere å sprøyte. Som tillegg til ei god vinterlagring, jamt vedlikehald og stell, er funksjonstesting av åkersprøyter eit viktig hjelpemiddel for å sikre god og trygg sprøyting. NLR Vest testar årleg godt over 100 åkersprøyter hjå medlemane våre. Her sjekkar vi om sprøyta oppfyller gjeldande krav til det aktuelle arbeidet. Vi sjekkar og alle funksjonar på sprøyta, kontrollerer for lekkasjar og fiksar eventuelle småfeil.
Under testen vil vi mellom anna undersøke:
Pumpe, pumpekapasitet, manometer, dyser, slangar, filter, lekkasjar, bom, dysekapasitet og spreiebilde.
Med oss på testen har vi med oss ein hengar med ei rekke reservedelar. Så dei vanlegaste feila klarar vi å fikse der og då. Men det er lurt å grovteste sprøyta før testen for å avdekke alvorlege feil. Ei funksjonstesta sprøyte vil bidra til eit betre arbeidsmiljø, gjennom at sprøyta blir meir driftssikker og brukaren lærer å avdekke eventuelle feil hurtigare. Funksjonstesten kostar vanlegvis kring 3000-5000 kr, avhengig av om ein er medlem i NLR eller ikkje. Her kjem eventuelle delar i tillegg. Dette er pengar ein fort tar igjen ved sparte kostnadar til plantevernmiddel, og betre resultat av sprøytinga.
Etter godkjent test vil sprøyta få klistra på eit registreringsmerke som bevis på at den oppfyller krava og er i orden. Alle sprøyter som er i bruk, må ha dette merket. Dette er også eit krav i KSL.
Ei lita huskeliste før funksjonstesten:
- Vask sprøyta
- Reine filter og silar, spesielt dysesilar
- Dysene må ha dryppvern.
- Deksel på kraftoverføringsaksling må vere i orden.
- Bom og bomoppheng må vere i orden.
- Sprøyta skal vere påmontert "sprøytetraktoren".
- Tanken skal vere halvfull med vatn (eller minst 200 liter).
Så ta kontakt med din rådgjevar, eller nytt nettsidene våre, og bestill funksjonstesting i 2023. Du finn også meir Informasjon og påmelding på nettsidene våre: Funksjonstesting