Dag-Arne Eide

I 1984 skulle Nordfjord Forsøksring utvide frå ei til to stillingar. Den nye stillinga skulle blant anna ha fokus på økonomi. Då eg sa i frå om at eg ikkje hadde peiling på økonomi, så fekk eg jobben.

Vi har inntrykk av at fleirårig raigras høver også på stader der vi ikkje skulle tru. Eg har følgt med eit lite areal på 3,3 dekar frå januar i år og fram til etter slåtten i juni. Arealet ligg på Sandane i Gloppen kommune, 5-10 moh. og ca. 1 km frå sjøen. Såleis ikkje så uventa at raigras kan overvintre, men det er snakk om ei 5.-års eng. Det blei sådd raigrasblandinga Strand 23 i 2018. Sorten Figgjo var sannsynlegvis den dominerande også då.

Enga ligg lagleg til for fotografering både på sykkeltur og i jobbsamanheng.

Nr 1 08 01 23
Grønt og fint 8. januar 2023. Før dette hadde vi både kulde og snødekke. Det er tidleg på vinteren, og det ser fint ut, men mykje kan skje vidare utover mot våren.
Nr 2 08 02 23
8. februar. I månaden som gjekk mellom dei to første bilda hadde vi både kulde og snødekke. Framleis er det grønt og fint.
Nr 3 14 03 23
14. mars. Endå eit snøfall.
Nr 4 21 03 23
21. mars. Snøen vekke igjen, og graset er grønt.
Nr 5 21 03 2023
21. mars. Vi ser spor etter køyring med traktor i samband med vedhogst på elvekanten.
Nr 6 30 03 23
30. mars og det er kome snø ned i bra høgt gras.
Nr 7 18 04 23
18. april. No kan vi slå fast at snøfall og kulde gjennom vinteren har ikkje gjort skade på denne enga.
Nr 8 19 04 23
19. april. Då hadde NLR Vest rådgjevingsbesøk, blant anna på dette skiftet.
Nr 9 30 04 23
30. april.
Nr 10 17 05 23
17. mai. Ein kald og utriveleg dag, men det blenkjer fint i raigraset. 17. mai-feiringa blei avbroten. Det var best å kome seg i hus, men først eit bilde.. For bonden er det på tide å tenkje på slåtteutstyret.
Nr 11 31 05 23
31. mai. Litt skyting på raigraset, og slåtten er svært nær. Eg tok grasprøve. Dagen før slått var det 1,0 FEm pr. kg tørrstoff. Proteininnhaldet var på 16 %. Altså svært energirikt og høveleg med protein.
Nr 12 01 06 23
1. juni. Slått.
Nr 13 01 06 2023
1. juni. Rådgjevar og bonde.
Nr 14 16 06 23
16. juni. Gjenvekst i gang. Det er tørt.
Nr 15 20 06 23
20. juni. Vi tok ut prøve for måling av tørrstoffprosent.

Det blei hausta 6 ballar med snittvekt på 830 kg på dette arealet. Vege to stk. 1,8 ballar pr. dekar. Tørrstoffinnhaldet var 40 %.

Då har vi følgjande reknestykke: 830 kg pr. balle x 0,40 = 332 kg tørrstoff pr. balle. Dagen før slått var det 1 FEm/kg tørrstoff. Vi rundar av til 300 FEm pr. balle! Dette utgjer 545 FEm pr. dekar på 1. slått.

Atterhald: At snittvekta på alle ballane er 830 kg, at prøveuttaket av graset på rot og uttaket av tørrstoffprøve på to ballar er representativt, samt at Nibio sin analyse av graset er korrekt og at arealet på skiftet er rett. Vi har alltid fleire feilkjelder i slike tilfelle. Det er snart føre å trekkje for raske konklusjonar når det gjeld avling pr. dekar når vi berre har tal ballar og ein tenkt tørrstoffprosent som utgangspunkt. I dette tilfellet har vi gjort vårt beste! Avlinga var uventa stor, men raigras er tett.

Kjempefôr er hausta inn her, men vil bonden i slike tilfelle klare å hente ut rett pris ved sal, eller vil ein bonde kjøpe ein slik balle til rett pris? Då må det god dokumentasjon til.

Påstand: For ofte veit vi for lite om fôrmengda i ein rundballe når det skal kjøpast eller seljast. Det viktigaste er å vite vekt og tørrstoffprosent. Ved for mykje fokus på stykkpris på ballane kan det føre til at dei våtaste ballane blir handla til for høg pris, medan dei tørre, tunge ballane med mykje fôr, blir for billege i høve til innhaldet.