5. september vert det spanande fagdag på NIBIO Ullensvang, Lofthus. NLR Vest ynskjer alle interesserte velkomne. Det vert faginnlegg inne og demonstrasjon av dronar ute i fruktfelt.

Fagdagen vert arrangert av NLR Vest, som ein del av forprosjektet «Meir berekraftig plantevern med dronesprøyting i fruktfelt», som vert støtta av Grofondet og Vestland Fylkeskommune.

Bruk av dronar og smart teknologi opnar generelt for meir presisjon i dyrkinga. Gjennom prosjektet vil vi gjennomføre testar for å sjå om sprøyting med dronar gjev betre avsetning på trea og mindre avdrift av plantevernmiddel enn bruk av andre sprøyter. Dronar kan registrere, observere og samle inn data som vidare vert brukt for å lage presise kart over fruktfelta, der frukttrea er nøyaktig plasserte. Data kan nyttast til å rekne ut storleiken og bladmassen til frukttrea og mengde sprøytevæske som skal brukast per dekar kan tilpassast for kvar sprøyting. Forsøk frå utlandet har vist at sprøyting med dronar i felt med vindruer kan redusere bruk av plantevernmiddel med opp til 50 %. Vi håpar at droneteknologien etterkvart kan takast i bruk av norske fruktdyrkarar, og at den nye teknologien kan gjere plantevernarbeidet i fruktfelta meir effektivt, meir miljøvenleg og meir berekraftig.

Dronebilde beskaret

Fagdagen startar kl. 10.00 med faginnlegg inne i lokala til NIBIO Ullensvang.

Program:

  • 09.30-10.00 Oppmøte og noko å bite i
  • 10.00 Velkomen og opning av fagdagen. Prosjektet berekraftig plantevern med dronesprøyting i frukt. Kva fordelar ser vi med bruk av dronar i fruktdyrkinga? v/ Magnar Velure, fruktdyrkar i Hardanger
  • 10.10 Bruk av dronar til sprøyting av plantevernmiddel i dag i Europa. v/ Gunnstein Dyrdal, rådgjevar i presisjonslandbruk, NLR Vest og Endre Bjotveit, rådgjevar i fruktdyrking, NLR Vest
  • 10.30 Utfordringar på vegen mot godkjenning av plantevernmiddel og dronar for sprøyting i fruktfelt. v/ Marit Larssen Sekse, seniorinspektør, Mattilsynet Bergen og omland
  • 10.50 Moglegheiter med dronesprøyting, kapasitet og effektivitet. v/ Atilla Haugen, Biodrone
  • 11.35 Reglar for å operere dronar, opplæring, kurs og sertifisering. Dronedrift under Romvesen AS droneoperasjon. v/ Roger Bergset, styreleiar Romvesen AS
  • 11.55 Praktisk bruk av dronar i landbruket. v/ Trond Hundstuen, Greenfarmer
  • 12.15 – 13.30 Lunsj
  • 13.30 – 15.00 Praktisk demonstrasjon og informasjon om dronar ute i felt.

På demonstrasjonsdagen vert det ikkje nytta plantevernmiddel i væsketanken.

I forprosjektet «Meir berekraftig plantevern med dronesprøyting i fruktfelt» skal vi vurdere kva moglegheiter og avgrensingar som finst med tanke på bruk av dronar i plantevernarbeidet. Forprosjektet vil klarleggje kva krav myndigheitene har til godkjenning av operatør og utstyr. Det skal skaffast oversikt over tilgjengeleg teknologi og tilgjengeleg kunnskap om miljøpåverknad. I tillegg skal økonomien ved bruk av dronar i fruktdyrkinga vurderast, og ein ynskjer sjå på moglegheiter for å organisere og tilby sprøyting av kjemiske plantevernmiddel med dronar som ei teneste i fruktdistrikta.

Påmeldingsfrist: 31. august.

Deltakaravgift:

  • NLR-medlemmar kr 550 + mva,
  • Andre kr 800 + mva.

Avmeldingsavgift:

  • Før 31. august: inga avmeldingsavgift
  • Etter 31. august: 50 % av deltakaravgifta
  • Ikkje oppmøte utan avmelding: 100 % av deltakaravgifta
Logoar