Tysdag 27. juni vart det arrangert fagdag i artsrik slåttemark i Stryn, med 20 frammøtte. Vertskapet Even Dispen og Siv-Carina Vikestad har fleire teigar klassifisert som artsrik slåttemark. Haugen er namnet på lokaliteten. Artsrik slåttemark er ein kritisk truga naturtype, som vert følgt opp med eigen skjøtselsplan. I Robjørgane er det to lokalitetar til med artsrik slåttemark, Røberg, drifta av Else og Hjalmar Dispen, og Kreken, drifta av Kirsti og Idar Holen. Mykje av synfaringa med fokus på ulike planteartar vart gjennomført på lokaliteten Røberg.

20230627 122747

Dessverre hadde den plutselege varmen ført til at ein del av den blomstrande vegetasjonen var ferdig med bløming, men vi fekk likevel sett eit stort mangfald av artar. I Robjørgane er det registrert over 100 ulike planteartar, og det hadde vore interessant å få gjort ei kartlegging på ulike artar insekt.

20230627 121812

Det vart demonstrert slått av arealet, med bruk av tohjuls slåmaskin og 6-hjuling med belte, som er lette reiskapar som fungerer godt i bratt terreng og påfører arealet lite skade. Even fortalde om arbeidet kring skjøtsel, rydding og restaurering av slåttemarka. Håvard Øyrehagen demonstrerte korleis ein kan telje og identifisere pollinerande insekt. Diverre var det regn i lufta og lite flygande insekt å sjå, i forhold til det yrande livet som er i enga når det er opplett. Johannes Anonby bidrog med stor plantekjennskap, og vi fekk namnsett ein heil del ulike artar, spesielt ein del indikatorplantar for artsrik slåttemark. Gunnlaug Røthe informerte rundt skjøtselsplan og kva som må til for å få registrert ei eng som artsrik slåttemark, og prosessane rundt det.

20230627 142123
Nattfiol
Nattfiol

Samlinga vart arrangert som eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland og Norsk Landbruksrådgiving Vest.