Lise Elvagjeng

Eg strøvla mine fyrste steg, i bratta i Sogndalsdalen, bak ei kurumpe. Ei av mine fyrste arbeidsoppgåver var å jaga kyrne til og frå beite.

«Vårens vakraste eventyr…?»

Det går mot vår, i alle fall seier kalenderen det… Rådgjevingsområdet vårt er vidt, og medan enkelte er godt i gang med lamming, så startar ikkje andre før me har bikka over til mai månad.

Dette er uansett den tida på året der sauebøndene legg mykje av grunnlaget for kor godt me lukkast økonomisk med drifta vår. Samstundes er dei tiltaka me har gjort tidlegare i sesongen avgjerande for kor godt me lukkast no. Vart grovfôrkvaliteten av den kvaliteten me treng? Har me treft det med mengde kraftfôr, held søyene det holdet me ynskjer ved lamming? Det er ei spanande tid me går i møte, no får me fasiten.

Det kan vera utfordrande og langsiktig arbeid å fôra på ein slik måte at sauen ikkje blir for tunn ved lamming. Og det er berre ein måte å lukkast på, det er å starta tidsnok. Få sauen opp i ynskjeleg hold, holdpoeng 3,5 før paring, og hald den der fram til lamming. Det må vera målet på mesteparten av flokken, og ingen bør vera under 2,0 ved lamming.

Her i vinter, i månadsskifte februar mars, var eg i eit fjøs for å ta ut fôrpøve, og på veg inn i siloen gjekk me forbi ei søye med «einerom». Ho såg frisk og fin ut, var i fint hold, så eg spurde Henriette Sunde og Erik Andre Vanberg, eigarane hennar, kva som gjorde at ho stod for seg sjølv. Dei kunne fortelja at dei nyleg hadde hatt fosterteljing, og denne sauen venta 7 lam. Dei gjorde grep tidleg. Ved å setja ho for seg sjølv så kunne dei gi ho meir kraftfôr enn dei andre. I tillegg fekk ho turrhøy, både for å halda avføringskonsistensen grei med store kraftfôrmengder, men òg for å få i ho mest mogeleg mat, utan at vatn skulle ta opp plass og tillegga ekstra vekt, i ei allereie full vom. Det er stor skilnad på silofôr med rundt 22 % turrstoff i høve turrhøy på om lag 85 % turrstoff. Henriette og Erik Andre var tydelege på at så mange lam på ingen måte var ynskjeleg, men når så gale var skjedd, så gjorde dei det dei kunne for å gjera det beste ut av det. Ho var heldig med menneskja sine denne sauen!

Sau lamming

Tek me utgangspunkt i holdet akkurat no, så handlar det ofte i praksis om å redusera holdet minst mogeleg, for så nært inn mot lamming tærer ofte sauene på kroppsreservane sine. Toget har gått for i år, men me kan framleis gjera små viktige tiltak for å redusera holdnedgangen mest mogeleg. Spesialbehandling og «einerom» er ikkje så aktuelt anna enn til dei som verkeleg treng det. Men om du ikkje har storbingeløysing, kan det vera eit godt tiltak å tynna litt i gardane dei siste fire vekene før lamming. 60 cm eteplass per sau kan vera eit godt utgangspunkt. Rett å slett ta i bruk den ekstra lammingsplassen du har tilgjengeleg om lag ein månad før lamminga startar. Har du storbingeløysing kan det vera lurt å spara fôret med høgast turrstoff-% til desse vekene. Ein annan viktig bieffekt av å tynna i gardane er reduksjon av spenetrakk på strekkmetall. Det er ingen sauer som siktar seg inn på sine medsøstrer sine spenar for å skada dei. Når spenar blir skada på grunn av trakk, er det som regel fordi det har vorte for trongt, og sauene trør på kvarandre ved eit uhell. I tillegg vil betre plass i bingane gi mindre stress kring fôring, noko som kan vera positivt med tanke på å motverka skjedeframfall og redusera dødfødslar.

Eit anna «brannsløkkingstiltak» til skrale sauer etter lamming kan vera å ha tilgjengeleg noko ekstra energirikt kraftfôr, som til dømes Energibalanse tørr. Dette er ekstra konsentrert kraftfôr, noko som er ein god ting når ikkje fôropptaket er optimalt. Men i lamminga, som elles i året, så er det alltid avføringskonsistensen som avgjer kor mykje kraftfôr søya kan få.

Lukke til med det nært føreståande alle saman! Så kan me snakkast uti juni, og avklara om det vart «vårens vakraste eventyr» - eller ikkje…

Og så må me hugsa på at om me ikkje lukkast med alt me hadde tenkt denne sesongen, så får me læra av det, og så får me alle ein ny sjanse til å lukkast betre neste sesong!

Sittesau