Deltakarane i Beste klimapraksis sau med økodrift fekk i går ettermiddag ei flott vandring i svært velstelt kulturlandskap. Det utrulege med dette kulturlandskapet på Håland gard, og nærliggjande gardar som blir leigd, er at dei var nærast heilt tilgrodd av tre og kratt når Anders Lundevold starta så smått for om lag 10 år sidan. Takka vera hans iherdige innsats med motorsag, ryddesag, gjerdenot og sauer på utegang har dette blitt eit svært vakkert kulturlandskap, med gode beite vår og sommar. Vinterstid får utegangarsauene tilleggsfôr med grovfôr og kraftfôr.
På beitevandringa fann me blant anna smalkjempe, som blir rekna som eit bidrag som metanhemmar i vom hjå beitedyra.