Takk for fylgje gjennom snart 40 år

Ein vårdag i mai 1983 starta eg som nytilsett ringleiar i Nordfjord Forsøksring. Kontoret var innreia med skrivebord, bokhylle og fasttelefon. Kopiering vart leigd hjå Landbrukskontoret som låg vegg i vegg. Det var ikkje prangande kontorfasilitetar som rekrutterte folk inn i slike stillingar. Det var ute på medlemsbesøk i åker og hagar hjå aktive bønder ein fann engasjement til å løyse faglege utfordringar, og som skapte arbeidslyst i jobben.

Bøndene sjølve hadde ein del år tidlegare teke initiativ til å skipe forsøksringen og drivkrafta var å få eit sterkare samarbeid for å løyse faglege utfordringar i næringa. Denne nærleiken til bøndene håpar eg framleis blir høgt prioritert når ein no er inne i diskusjonar om ny framtidig organisering av NLR.

Takk til dåkke dyktige og engasjerte medlemar som har vore min leveveg gjennom eit heilt yrkesliv. Eg håpar og trur at dei fleste har gjort seg nytte av rådgjevinga de har hatt tilgang på innan dei ulike fagfelta og at dette har gitt ein positiv effekt i eigen produksjon.

Samtidig vil eg nytte høvet til å takke dei mange fagfolka eg har hatt glede av å samarbeide med, både i offentleg og privat sektor. Slikt samarbeid på tvers av ulike etatar har gjort det mogleg å utføre større arbeidsoppdrag med best mogleg resultat og nytteeffekt for bøndene.

Og ikkje minst til gode kollegaer og tillitsvalde i NLR; Takk for godt samarbeid, - og stå på vidare til bondens beste !

Til medlemar som enno ikkje har vore i kontakt med Synneve som er ny frukt- og bærrådgjevar på Sandane; Ta kontakt, så vil de finne ut at ho er både dyktig og hyggjeleg😊

Helsing Rune,

- påtroppande pensjonist

20221118 115710
Rune, vi kjem til å sakne deg og den herlege latteren din!