Snart er det tid for slått, og det løner seg å vere klar i tide og tenkje litt systematisk. Det er mykje å halde styr på, og det er fort gjort å miste fokus.
Vi i NLR har prøvd å ta dei viktigaste punkta med i ei sjekkliste du kan bruke som støtte:
Refleksjon/planlegging
- Fjorårets slått, kva fungerte, kva fungerte ikkje?
- Analyseresultata frå fjorårets slått, tørrstoffinnhald, fortørking, energi/NDF, slåttetidspunkt
- Var det trøbbel med maskiner i fjor? Er det noko som kan skje igjen?
- Var det flaskehalsar i haustelinjen?
- Nok arbeidshjelp? Spør etter tilbakemeldingar frå f.eks. tilsette, og leit etter eventuelle forbetringsmoglegheiter
- Legg opp ein strategi for køyrerunde – kva skifte skal slåast først osv. Teig til teig vurdering saman med din lokale NLR-rådgjevar?
- Entreprenør? Meld deg på slik at du kjem langt fram i køen
- Ulike frøblandingar på ulike skifte?
- Innmatingshastigheit på tårn-/plansilo?
- Breispreiing/ spreiing av streng etter slåmaskina (tørrstoffinnhald) – kor raskt klarar ein å hauste inn etter spreiing?
- Planlegge haustetidsstrategi, klipping av grasprøver eller teig til teig-vandring før slåtten nærmar seg (avtal ein gjennomgang med lokal rådgjevar?)
- Planlegg oppfølging etter slåtten
Kvess stålet før slåtten
- Ta fram maskinene i god tid før slåtten, smør og prøvekøyre
- Kjende feil? Blei det gjort nokre provisoriske reparasjonar i fjor? Noko som må rettast ytterlegare på?
- Slitedelar. Sjekk utstyr, og også sikre at du har slitedelar liggande dersom det skulle bli akutt behov under slåtten
- Merk ut store stein o.l. i enga for å unngå skadar på maskina
Kjøp og bestill
- Knivar til rundballepressa/andre slitasjedelar?
- Plast?
- Ensileringsmiddel?
- Har du ein god lagringsplass for rundballelageret?
- Gjødsel til gjenveksten. Ta ein telefon til din lokale NLR-rådgjevar om du er i tvil eller det er endringar i planen