Dag-Arne Eide

I 1984 skulle Nordfjord Forsøksring utvide frå ei til to stillingar. Den nye stillinga skulle blant anna ha fokus på økonomi. Då eg sa i frå om at eg ikkje hadde peiling på økonomi, så fekk eg jobben.

Før jul vil de som medlemar få bladet Vestlandsbonden i posten. Eit fysisk blad vi har lagt ned mykje ressursar i for å nå dykk med nyttig informasjon. Rådgjevarane har skrive artiklar, teke bilde og samla annonsar. Vi har pussa på innhald, formuleringar og rettskriving. Til slutt er bladet redigert til fin utsjånad og det er trykt og sendt ut til dykk.

Ja, alt er gjort i beste meining, tenkt til nytte for dykk som medlemar, men når vi fram? Kva les vi i dag? Kva ser og høyrer vi på? Er det for gamaldags med tyngre fagartiklar? Gjev vi oss tid til å gå i djupna på faglege problemstillingar? Ynskjer vi heller kjappe, korte og gode svar og såleis spare tid?

Vi er sjølvsagt klar over kor mykje informasjon de som bønder er eksponert for, både i fysisk post, e-post og nettsider, Instagram, Facebook, samt fysiske og elektroniske møte. Dei siste åra har det også fløymt over av podkast. YouTube er også ein velbrukt informasjonskanal for mange. Så skal de ha tid til litt underhaldning av utanomfagleg karakter. Av og til stiller vi oss spørsmålet om vi informerer på rette måten. Vi har målingar som syner at opningsprosenten på rådgjevingsmeldingar på e-post er godt under 50 %. Er e-post også utdatert som informasjonskjelde?

Sal og tillit

Ein god seljar kan klare å selje eit dårleg produkt. Ein dårleg seljar kan ha store problem med å selje eit svært godt produkt. Inne i denne «materien» ein stad ligg vi rådgjevarane i NLR Vest. Sjølvsagt har vi gode rådgjevingsprodukt til deg som medlem. Vi veit også at NLR har eit godt rykte på seg som ein fagleg sterk og nøytral organisasjon. Vi jobbar heile tida for å nå endå betre fram til deg som medlem. Gje deg dei råda du treng. Aller helst vil vi ut på garden din for å sjå situasjonen, og for å kunne gje deg dei beste råda. I mange tilfelle er det enkle grep som skal til for å betre ein situasjon. Det kan vere nok med eit billeg råd som kan gje deg stort positivt utbyte. Spesielt er det viktig å ta dei rette avgjerder i dagens vanskelege situasjon både for bønder og andre.

Les Vestlandsbonden

Så tilbake til starten. Vi håpar du legg merke til bladet Vestlandsbonden saman med anna post no før jul. Ha oss i tankane når du opnar bladet. Les litt. Legg det til sides og ikkje over i papirdunken! Ta det igjen seinare, og ta deg tid til å gå litt i djupna. Det kan vere sunt! Som medlem vil du garantert finne noko som interesserer deg, og som du har nytte av. Dei gamle julehefta kjem i butikken år etter år. Desse blir kjøpte og lesne år etter år. Ja, framleis finst det «gamaldagse», fysiske blad som fenger. Ta vare på bladet Vestlandsbonden frå NLR Vest, og les dette i jula! Så snakkast vi heime hjå deg utover i neste sesong.

Vestlandsbonden 2022
Sjå etter bladet Vestlandsbonden i postkassen din!