Kolbjørn Taklo
Det er tøffe tider i landbruket om våren, og ekstra tøft har det vore i år med eksplosiv kostnadsvekst på fleire område. Det er fort at det tårnar seg opp både i form av ugjort arbeid, rekningar og sperrer i ditt eige hovud. Kunsten blir då å rydde unna etter kvart slik at det ikkje får tårne seg opp og ta utsikta. Det er lettare sagt enn gjort!
No er partane i jordbruksoppgjeret samde, og spenninga rundt det har slept taket, men sjølvsagt veks vi ikkje inn i Lykkeland i 2023 heller. Men kanskje ser vi litt mindre svart på det no?
Rutinar og struktur er viktig for å lukkast, anten det gjeld jordarbeid, hagebruk, eller dyrehald. Det gir god styring, oversikt og kontroll, noko som ôg er svært viktig for å unngå skader og ulukker i arbeidet. Skal du følgje rutinar og ha ein struktur, må du nesten notere kva du har gjort, og kor tid. Ikkje for å tilfredsstille KSL, men for å ha kontroll på eigen gard. Om du brukar ei tavle på veggen, nettbrett, mobiltelefon eller ei notisbok er ikkje det viktige. Det viktige er at rutinane må ut av ditt eige hovud, og bli synlege både for deg sjølv og andre.
Bondeyrket er fagleg krevjande, og stiller store krav til å kunne snu seg rakst rundt, når veret er bra og jorda lagleg til å arbeide. For svært mange har den galopperande kostnadsveksten vi har sett vore svært krevjande i forhold til ein allereie stram likviditet. Mange har i tillegg full jobb utanom garden, noko som gir liten fleksibilitet i forhold til gardsdrift. Eg er storleg imponert over kor mange som likevel står på og greier denne balansen, sjølv om det ikkje er bra korkje for tryggleiken eller helsa.
Del børene dine. Når du ser at haugen av det som skulle vore gjort, tårnar seg opp over det du maktar, er det nyttig å dele tankane og haugen med dei du deler hus og bord med, eller berre lage ei liste for din eigen del. Kanskje kan du overlate noko til andre? Kanskje hastar ikkje alt like mykje, og kanskje må noko utsetjast. Hugs at det er ingen som kan sjå kva du tenkjer, du må dele for å kunne få hjelp og støtte.
Når rekningsbunken hopar seg opp på kjøkenbordet eller pc-en, og du veit at dette er det ikkje dekning for på konto, så må du og gjere grep før det tårnar seg opp. Ring kreditorar, før forfall, og be om utsetjing eller oppdeling, bruk rekneskapsførar eller økonomirådgjevar for hjelp til prioritering og strukturering. Unngå kortsiktige og dyre kredittar om du kan.
Når hovudet er fullt av negative tankar og stress, er det viktig å få ventilert ut og tømt hovudet. Ring ein kompis som er god til å lytte, eller ring ein rådgjevar i NLR, Tine, eller andre. Vi skal vere gode til å lytte. Sjølv om du ikkje finn løysingar, så løyser det å snakke om det ofte opp i fastlåste tankar.
Steg for steg, dag for dag: Løyndomen med å løyse store tilsynelatande uoverkomelege oppgåver, er å dele arbeidet opp i mindre delar og deretter straks ta fatt på den første delen. (Mark Twain)
Fiksar eg alt dette? Nei, men eg har det med meg i tankane, gjer so godt eg kan, og har mål om å bli betre. Eg støttar meg til kunstnaren Oddvar Torsheim: «Det er for seint å gje opp»
God sommar, og hugs litt ferie og då!