Øystein Tholo

«HMS-rådgjevar? DU???» Ja, det var meir enn ein som hadde den reaksjonen då eg sa at eg skulle starte i ny jobb i NLR Vest!

Ante Fred har alltid bidrege på garden heime. Så lenge han kan hugsa so har han vore med far sin (Per U. Fred) i den daglege drifta. Men no nærma det seg altså overdraging av garden.

Dei hadde førebudd seg på dette lenge. Den nye generasjonen hadde dei siste åra teke mange kurs for å vera oppdaterte og klare for den nye kvardagen. Det var ikkje berre lett å få prøva ny lærdom ut i praksis medan den eldste generasjonen enno var gjeldande gardseigarar.

Mor sjølv på garden (Maria Holt Fred) var av den stille typen som ikkje sa so mykje, men likevel skjønte alle kva ho eigentleg meinte om den nye datamaskina som hadde fått plass på fjøskontoret.

Å ha alle notat frå gardsdrifta inni ein elektrisk boks var ikkje sømeleg, meinte ho.

Per var heilt einig. Den gode notatblokka med løkkeskrift på innerlomma inneheldt alt frå sprøytejournal til helseopplysningar om sauene. Til og med timetal for sist dieselfilterbyte på traktoren hadde han der. Han hadde full kontroll slik han alltid hadde hatt.

OVERDRAGINGA

Den eldre søstera til Ante-Fred, (Liv S. Fred) hadde aldri vist interesse for å overta garden. Ho hadde reist tidleg til sentrale bystrôk for å ta høg utdanning. Der hadde ho og møtt mannen sin Ståle Tesladalen. Han jobba innan bustad/eigedom og hadde alltid blanke sko.

Per og Maria var opptekne av at verdiane av garden og arven skulle delast so likt som råd mellom ungane. Dei hadde aldri sett seg ned for å prata direkte om dette , men det låg i korta at Liv skulle få to tomter oppi lia, sidan Ante skulle få heile garden. Ein dag då alle var samla til bords, kom temaet opp.

Ståle meinte at heile garden var potensielt verdt millionar i tomteland og at Ante burde betala halvparten av dette til Liv om det skulle bli rettferdig.

Det vart hissige diskusjonar og til slutt reiste Per seg og slo nevane hardt i bordet!

«DET VERT SLEK EG HAR BESTEMT!»

Ståle drog med seg Liv ut i bilen. «De vil høre mer fra vår advokat!» ropte han ut vindauga før han spann avgarde mot sentrale strôk.

Formalitetane vart ordna nokre veker seinare, og Ante&Inga kunne tittelera seg som gardseigarar medan Per&Maria no var kårfolk.

Liv hadde dei ikkje lenger noko kontakt med. Einaste livsteiknet frå byn var ei og anna trugande melding frå Ståle.

MODERNISERING AV DRIFTA

Ante hadde hatt planane klare i mange år. Byggje om kufjøset til lausdrift med robot og ikkje minst kjøpa ny traktor med frontlastar.

Kårkallen var skeptisk til dette. Argumenta om lettare arbeid slo ikkje gjennom.

«Om du ikkje er utsliten etter ein dag på garden, så har du ikkje jobba hardt nok!»

Og frontlastar hadde dei no aldri hatt bruk for.

Etter at ombygging av fjøs var ferdig, og dei hadde drive nokre år, så var stemninga kome seg til det betre.

«Eg ser jo no at dette var lurt. Drifta er så lettvindt at de har tid til å jobba utanom garden begge to.»

Inga jobba 100 % i den lokale barnehagen og Ante hadde nesten full stilling hjå ein lokal entreprenør. Drifta heime gjekk nesten av seg sjølv med mjølkerobot og god hjelp frå kårfolket. Spesielt i brøytesesongen var det fint å kunna sleppa å bruka heile dagen på garden.

REALITETEN

Kl. 06.37 ringte tlf. til Ante. Det var mora Maria. Han forstod med ein gong at noko var gale.

Kårkallen hadde stupt om i fjøset, og var på veg til sjukehuset i ambulanse. Dei mistenkte slag eller hjerneblødning.

Ante måtte ringa sjefen sin og seie i frå om at han måtte parkera brøytebilen for å reisa heim å ta fjøsstellet. Det vart ikkje godt motteke, men det måtte jo berre bli slik.

To månader seinare var ting snudd på hovudet på garden.

Per var komen heim frå sjukehuset, men var å rekna som pleiepasient i lang tid framover. Maria brukte all tida si på å stella med mannen sin.

Liv og Ståle hadde flytta heim til bygda for å kunna bu nærare familien sin. Ståle sitt firma var gått konkurs, men han var heldig og fekk seg jobb på ei lokal bedrift. (han hadde framleis blanke sko).

Ante var sjukmeld frå jobben hos entreprenøren og brukte all energien han hadde på å kjempa seg gjennom den daglege drifta på garden.

Inga hadde teke på seg ekstrajobb som vaskehjelp i barnehagen for at økonomien skulle strekka til no når Ante var sjukmeld.

Det viste seg nemleg at NAV berre dekka sjukepengar for 100 % stilling. Ikkje for 200 % slik Ante hadde jobba dei siste åra.

SNUOPERASJON

Etter mange møte med bank, rådgjevarar, helsevesen etc., så danna det seg eit bilde av den nye kvardagen.

Ante måtte gjera det meste på garden heime sjølv, men med god hjelp frå kona som no jobba 70 % stilling i barnehagen.

Dei la om drifta ved å kutta ein del som hadde vist å kosta meir en det smakte. Arbeidsmengda var no overkommeleg med dagens disponible arbeidskraft.

Liv og Ståle var ofte på besøk og tok gjerne i eit tak når det trongst ekstra folk som til dømes i slottonna. Kven skulle tru at Ståle kunne køyre traktor? (med frontlastar)

Sjølv om dei sakna den daglege hjelpa frå kårkallen, så var nokre ting enklare no når dei kunne gjera det nett slik dei hadde planlagt.

Kårfolka stilte opp som besteforeldre og Per koste seg ekstra med dei to små barnebarna på garden. Spesielt den nye odelsjenta fekk ekstra merksemd.

Å sitta på fanget til Besten i traktoren var det kjekkaste ho visste. Dei lyste like mykje opp begge to då.

«Sjå her jenta mi ! Ein dag skal du bli Dronning på denne garden din!»

IMG 8280