- For optimal drift, betre lønsemd og mindre klimabelastning
- Her nyttar me beste praksis som ein læremetode
Denne rådgjevingspakken fylgjer årsyklusen i saueproduksjonen. Det kjem til å vera fokus på å driva klimasmart, som i praksis betyr at ein må driva god og lønsam gardsdrift. Dette er ein god moglegheit for deg som ynskjer å optimalisera drifta ved å hausta gode erfaringar frå andre deltakarar, og få fagleg påfyll frå landbruksrådgjevarar.
Rådgjevinga vert gjennomført i mindre grupper på 5-12 personar, og det blir lagt stor vekt på erfaringsutveksling.
Nokre tema me skal innom:
- Snyltarbehandling
- Klauvhelsa
- Fôring og holdvurdering
- Lamming
- Gjødsling av beite og eng
- Korleis driva klimasmart i sauedrifta, Klimakalkulatoren på sau
Det blir ulike temagrupper, som kjem til å ha litt variasjon på fokusområde.
Dei ulike gruppene du kan melda deg på i er:
- Utegangarsau
- Økologisk sau
- Tradisjonelt sauehald
Kostnad:
Ein del av kostnaden blir dekka gjennom prosjektmidlar, men det blir ein eigenandel:
- For bønder i Møre og Romsdal: 1500 kr
- For bønder i Vestland Fylke: 3900 kr
Kva inngår i prisen:
- 8 teamsmøte
- 5 gruppemøte
- 1 surfôrprøve (uttak, analysekostnad og vurdering)
Oppstart på nyåret.