Trude Iren Saure

Eg er sauebonde i fagre Stryn, og har ingen problem med å få dagane til å gå med full jobb, 75 vinterfôra sau og familieliv.

Endeleg var det duka for ny medarbeidesamling! Store delar av rådgjevarstaben, frå sør i Vestland til Sunnmøre, dagleg leiar og nestleiar, var 27.-28. oktober samla i Førde. Etter 1,5 år med korona og utallige timar med kommunikasjon, møte og kurs på teams, var det ekstra fint å kunne treffe kvarandre. Styret var også tilstades og fekk gjennomført styremøte.

Bildet viser styret i NLR Vest (f.v.) Tore Sigurd Fitjar (Fitjar), Olaug Skjerdal (Lærdal), styreleiar Sigurd Reksnes (Nordfjordeid), Magnar Velure (Ullensvang), Ann Mari Bjørnøy (Fjørtofta) og dagleg leiar i NLR Vest, Liv Lyngstad.

IMG 3942

Ein del av programmet gjekk ut på at faggruppene presenterte arbeidet sitt, prosjekt og planar framover for kvarandre. Vi er ein stor gjeng med eit vidt fagfelt, og vi er derfor delt inn i tre faggrupper: Jordbruksgruppa, frukt- og bærgruppa og HØB-gruppa (HMS, økonomi, bygg og maskinteknikk).

IMG 3921

Jordbruksgruppa har 13 faste medarbeidarar, med Dag-Arne Eide som fagleiar. Det "hottaste" temaet i jordbruksgruppa for tida er klima, med klimarådgjeving og Beste praksis sau.

3

Frukt- og bærgruppa er leia av Stine Huseby. Denne gruppa har 9 medarbeidarar, men vi har lyst ut to stillingar til. Vi har nettopp starta opp Kurs for nye fruktdyrkere med heile 81 deltakarar.

4

HØB-gruppa er ei 4-i-1-gruppe, leia av Kolbjørn Taklo. Av dei ti som er med i gruppa jobbar tre med HMS, tre med økonomi, tre med bygg og sistemann med presisjonslandbruk og maskinteknikk. Gå ikkje glipp av NLR sin presisjonslandbrukskampanje som nettopp er lansert.

IMG 3868

Det er både interessant og viktig at vi kjenner til arbeidet dei andre driv med. På denne måten kan vi lett vise vidare til kollegaer som driv med den aktuelle problemstillinga, noko som kjem deg som bonde til gode. I tillegg var det sett av tid for fagruppene sine interne diskusjonar og plan for vidare arbeid.

For første gang arrangerte vi ein paneldebatt, der målet var å høyre kva bønder forventer og ønskjer seg frå NLR Vest. Deltakarane var styremedlemane Ann Mari Bjørnøy og Magnar Velure, i tillegg Inge Årdal og Anders Felde. Det vart fin prat med mange gode synspunkt som vi skal ta med oss vidare i arbeidet. Kobjørn leia debatten.

IMG 3933

Like viktig som det faglege, er det sosiale. Fleire nye rådgjevarar har kome til dei siste åra. Å bli godt kjent med kvarandre er viktig for å bli eit samla rådgjevingsteam. Etter musikkinnslag framført av interne krefter og ein god middag, var det ikkje vanskeleg å høyre at drøsen gjekk lett.

1