Sigrid Flatland
Sola strålar over fjelltoppane når den nytrakta kaffien vert fylt over på termosen. Eg tråklar på meg jakke og sko på veg ut døra og inn i bilen, mitt mobile NLR-kontor i sommarmånadene. Som vanleg akkurat tidsnok til å rekke ferja som skal ta meg over til andre sida av fjorden. Etter å ha sett bilen lydig på plass slik ferjemannen vil, fyller eg opp morgonens fyrste, rykande varme kaffikopp. Min gode hjelpar som får hjernecellene i sving med dagens gjeremål på rådgjevarlista. E-postane vert kjapt lesne før tankane byrjar å vandre om kva som vil møte meg på dei planlagde gardsbesøka i dag. Har nokon gått i fella sidan sist? Er det i så fall fleire på austsida enn på vestsida av fjorden tru? No er det ikkje akkurat slik at eg ikkje går i fella til stadigheit sjølv. Eige hus og hage vitnar om at dei to åra eg fyrst planla at eg skulle vera i Hardanger, har drege litt ut. No kan du notere eit to-tal med ein null bak. Eg klarar lett å overtale meg sjølv til at det er meir fornuftig å gå ein tur til fjells framfor å ta husvasken. Det er heller ikkje uvanleg å finne ei påbegynt sjokoladeplate i hjørneskåpet på kjøkkenet sjølv om kalenderen berre viser tysdag. Tankane vandrar attende til dagens agenda. Eg blir sitjande og fundere litt på kva for råd ein bør gje til bøndene om nokon har gått i fella. Det er godt å vite at eg har drivande dyktige kollegaer å spele på lag med, om det blir utfordrande å finne den beste løysinga åleine. Ei stemme over høgtalaranlegget bryt brått inn i tankerekka. Den fortel at turen snart er over. Ferjemannskapet kjem gåande og stiller seg opp for å lose meg trygt av. Eg kikar fort gjennom posane i baksetet for å sjå om limplatene til insektsfellene er med. For det er insekta i frukthagane eg snakkar om. Det er dei eg er oppteken av når eg susar rundt på gardsvegane desse vekene.
I år vil NIBIO og NLR sjekke ut alternative metodar for å bekjempe kirsebærfluga. I to felt i Hardanger har me hengt opp 10 fellesett beståande av ei kontrollfelle, samt to feller med to ulike luktestoff festa til fella i underkant. Desse tre variantane er hengt opp i nærleiken av kvarandre, medan fellesetta er jamt fordelt utover feltet. Kvar veke vil me registrere kor mange fluger som er å finne. Målet er å sjå om lukta som kjem ut av posane trekkjer til seg fleire fluger enn kontrollfella.