Helena Elvatun
Dei 20 sauene, gjetarhunden og eg, trivs godt på det vesle småbruket mitt i Folkedal i Hardanger.
Beste klimapraksis sau er i gang
Klimaprat er i fullt firsprang
Metanutslepp,
lystgass og karbon
Åleine kan ein tenkja seg vrang
---
Kan ein ikkje drive med sau,
utan å fylgje MDG sin bjøllesau?
Jo visst, kan ein det
Kom og bli med
på grupperåd sau!
---
Saman skal me dele kunnskap
Klimagrep skal ikkje gje tap
Fire samlingar me har
For single og par
For å unngå sauedrap
---
Norsk kjøt vil vi ha,
vi får heller kutte spa
Når avl vert betre
og fôring rettare,
best på sau skal vi bli, hurra!
---
No skal vi visa folk i by
At ull og kjøt er betre enn fly
Sauer er ålreite
og god til å beite
Så no skal sauekjøt på meny!
---
Les meir om prosjektet her
Flokken er: Leif Trygve Berge, Torleif Bakke Haavik, Åsmund Seljeset, Lise Elvagjeng, Arve Arstein, Ove Sørestrand og Helena Elvatun.