Statsforvaltaren i Rogaland har i år innført eit nytt vipe-tilskot i RMP-programmet. Dette kjem i tillegg til «Vipe-stripa», som ligg inne frå før.
Det nye tilskotet er på eit vis romslegare, på den måten at du sjølv vel dei tiltaka som er aktuelle for å visa omsyn til vipa hjå deg. Det er ikkje naudsynt å jordarbeida, som med vipestripa. Føremålet er òg her å visa omsyn og gi ro til hekkande viper.
Eksempel frå statsforvaltaren på tiltak som viser omsyn til vipa:
- Gjennomføra kartlegging og merking av reir i kart (digitalt eller fysisk kart)
- Bruk av vipedisk eller liknande under gjødsling
- Halda ei buffersone frå reir under jordarbeiding
- Redusere maskinhastighet i nærleiken av reir
- Halda avstand frå reir under sprøyting
- Tilpassa beitetrykk og bruk av vipebur eller liknande
- Informasjon til tilsette om plassering av reir og kva tiltak som skal gjennomførast

Når det gjeld vilkår for å kunne søka på det nye vipe-tilskotet, kjem det eit nytt omgrep: Du må ha konstatert ei hekkegruppe på arealet ditt. Det vil seia at du må ha minst tre vipereir som ligg i ein avstand 200 m eller kortare frå ein annan for å utløysa tilskot. Har du då for eksempel ei hekkegruppe på tre vipereir pluss to reir lenger vekk på arealet du søker arealtilskot på, så kan du søka RMP-tilskot på fem reir.
Faktisk kan ein og godkjenne ei hekkegruppe der to av reira ligg på arealet du driv/søker arealtilskot på og eit av dei tre ligg på naboeigedom, men avstanden mellom dei framleis er kortare enn 200 m.
For forklarande figurar og utfyllande kriterium i ordninga, sjå Statsforvaltaren si nettside.
Vidare vilkår for å kunna få tilskot er at du må melda i frå til kommunen eller statsforvaltaren før 15.april om at du har ei hekkegruppe. Og undervegs må du føra ein enkel logg over tiltaka du har gjort med dato.
Føreslått sats er 2000 kr per reir på eng- og kornareal, og 3000 kr per reir på potet- og grønsaksareal for tilrettelegging for grupper av hekkande viper.