På markdagane med tema målretta beiting i sist veke var det godt frammøte både hjå Anny Aamodt og Olav Aasland på Kvernaland og Tor Sven Utvik på Karmøy.
Anders Kopstad frå Regenerativt Norge var med på begge samlingane. Han sette søkelys på to viktige faktorar for at beitegraset skal vekse optimalt: lang nok kviletid mellom avbeitingane og nok grøne blad etter avbeiting.
I mange tilfelle vil lang nok kviletid mellom kvar avbeiting vera den avgrensande faktoren for graset si evne til rask gjenvekst. Når tilstrekkeleg stor del av graset sin grøne bladmasse står igjen etter avbeiting, vil fotosyntesen heile tida vera høg nok til at graset får rask gjenvekst. Av alle faktorane som er med i planlegging av målretta beiting, er kombinasjonen av lang nok kviletid og nok grøne blad avgjerande for god grasvekst. Eit godt gjerdehald gjer det mogleg å få til dette i praksis. På markdagane vart det diskutert ulike opplegg for gjerde og beitetrykk. Tor Sven Utvik er svært godt nøgd med Nofence både til inn- og utmark. Anny Aamodt og Olav Aasland har praktiske opplegg med flyttbare straumgjerde.
Les meir om målretta beiting
Tekst til bileta. Alle foto Ane Harestad.
- Kviger og sau har nettopp fått nytt beite på Kvernaland.
- Anny Aamodt og Olav Aasland har eit praktiske opplegg med flyttbare straumgjerde.
- Kor stort areal trengst det av dette beitet til Tor Sven Utvik for å fylle vomma til ei ku?
- Her er mengde grøn bladmasse som står igjen etter avbeiting hjå Tor Sven Utvik vurdert som god, og fotosyntesen er forventa å vera høg nok til at graset får rask gjenvekst.
- Ammekyrne til Tor Sven Utvik beitar med hjelp av Nofence i kystlyngheia på Karmøy.