9. mai var det 50 år sidan Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring vart skipa. Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring vart utgjort av Ølen forsøksring, skipa i 1965. Etne forsøksring, skipa i 1971 og Vindafjord forsøksring skipa i 1972. Det første styret bestod av Jakob Eskeland frå Etne som formann, Sjur Velde frå Vindafjord og Torgils Klungland frå Ølen. Medlemstalet var i 1974 64. Dette auka jamt og trutt til 539 i 2005, då Etne, Ølen og Vindafjordforsøksring vart ein del av Haugaland landbruksrådgjeving.

Den første oppgåva til styret var å tilsetje ringleiar. Kjell Nes vart tilsett og starta opp som ringleiar i september, men han fann seg fort anna arbeid. Frå 1976 til 1986 var Ola E. Alne ringleiar. Arbeidsforhold og arbeidsoppgåver var både like og svært ulike slik vi driv i dag. Vi gjengir difor utdrag av ein artikkel han skreiv ved 25-års jubileet i 1999.

Ola E Alne forsoksfelt glos 1985
Ringleiar Ola E. Alne gjødslar forsøksfelt på Glos i Etne sommaren 1985. Foto Lars Kjetil Flesland

«Det var ei interessant og lærerik tid med mange og stor utfordringar. Det var optimisme i jordbruket. Utbyggingar, nydyrking og grøfting var i gang for fullt. Mjølkekvotar var det heller ikkje i byrjinga, så ein hadde ikkje dei same begrensningane som i dag. Samarbeid med styret var utmerka i alle desse åra. Kontoret, som var på det gamle slaktehuset, var utan vatn og toalett. Vi betalte heller ikkje leige for lokala. Var heldigvis ung og stilte ikkje dei store krava. Ellers var det ein fin anledning til å stikke opp på landbrukskontoret for å slå av ein fagprat med Fossberg og Risøy. Sommarhalvåret var ein ikkje på kontoret, men ute i felten.

Kontorutstyr var det heller sparsamt med. Ein liten skrivemaskin og ein gamal reknemaskin var det heile. Kopimaskin måtte ein ut på bygda for å låne, ellers brukte ein kopipapir og fekk ein gamal blåkopimaskin (sprit-duplikator) hjå kommunen. Faks og data var det ingen som hadde, så det vart aldri diskutert i styret. Ja, korleis greidde ein seg utan desse så «naudsynte» hjelpemiddel. Jo det gjekk utruleg godt, sjølv om det var ein stor framgang når vi fekk elektrisk skrivemaskin med rettetast.

Torbjorn Ruud
Forsøk med bruk av husdyrgjødsel har alltid vore viktig. Her legg Ringleiar Torbjørn Ruud ut eit forsøk i Sandeid i 1992. Foto: Lars Kjetil Flesland

Forsøksarbeidet

Kjell Nes som starta eit års tid føre meg, hadde anlagt ein del felt. Det var ei fin byrjing og ei ypparaleg anledning til å bli kjent med folk på. I tida etterpå blei det mange forsøksfelt og mykje feltarbeid. Det var lærerikt og bøndene var utruleg interesserte. Forsøka bar tydeleg preg av at vi var i eit husdyrdistrikt. Grovfordyrking stod difor sentralt. Strandrøyr, raigras, heilsæd, grasartar og -sortar, rot og grønforvekstar var sentrale. Husdyrgjødsla var ikkje like mykje verdsett som i dag. Vi hadde forsøk med kor store mengder husdyrgjødsel formargkål kunne tole. Kalkingsforsøk var aktuelt, for det var mykje sur jord etter jordanalysane som eg tok kvar haust. Fornying utan pløying og tradisjonell jordarbeiding var interessant, særleg etter Roundup kom på marknaden. Forsøksfelta var for det meste utarbeidd av forskningsstasjonane Særheim og Fureneset, og inngjekk i større seriar.

Samaskin
Øyjord si forsøkssåmaskin. Her er det Harald Hetland som styrer den., Foto Lars Kjetil Flesland

Markdagar og demonstrasjonar

Markdagar og demonstrasjonar samla utruleg mykje folk. Dei fleste hadde ikkje jobb utanom garden slike det er i dag. Det var nesten obligatorisk med sprøyte og pløyedemonstrasjonar. Fylkesagronom Einar K. Time var den «store» plantedyrkaren i Rogaland på den tida. Trur ikkje det var mange møte og demonstrasjonar han ikkje var med på. Rundballepressa kom i denne perioden og folk var skeptiske. Men tidene forandra seg.

Forsøksutstyr

Vi arva to gamle to-hjuls traktorar frå tidlegare forsøksringar i Etne og Ølen. Øyjord forsøkssåmaskin vart innkjøpt saman med Haugaland forsøksring. Det var ei nyvinning, men ein farleg maskin. Den var vanskeleg å få i gir, og ein visste aldri om det var framover eller bakover. Det første feltet som vart sådd med nyvinningen var «Grasarter på myrjord» hjå Tomas Finnvik (Han er framleis medlem nå i 2024!). Her var det på hengande hår at det ikkje gjekk nokre ribbein. Revers i staden for 1. gir framover.»

På 1990-talet hadde vi ein sterk auke i medlemstal og aktivitet. Fagfeltet vart og utvida. Dette mykje som følgje av innføring av krav til spreieareal i 1989. Etne, Ølen og Vindafjord kommuar var alle viktige husdyrkommunar, mange med kraftforkrevjande produksjonar. Tanken frå gamalt var at, - var garden for liten til å leva av mjølkeproduksjon, kunne du byggje ut til slaktegris, pelsdyr eller egg. Dette hadde bøndene i desse tre kommunane i stor mon gjort.

Pyntegront
Ringleiar Lars Kjetil Flesland med favnen full av kristtorn, "Milde Gul" Foto: Torbjørn Ruud.

I 1990 leigde ringen eige areal i Skånevik for 15 år, for å teste ut produksjon av juletre og pyntegrønt. Ulike sortar av kristtorn fekk vi frå Arboretet på Milde, og vi oppformeirde lokale, lovande planter. I tillegg til feltet i Skånevik hadde vi eit tilsvarande i Imsland, på Svandal Juletregard. Og resultatet etter 15 år? Pyntegrønt var det liten interesse for. Sypress til gravkransar det litt interesse for. Men tilveksten på kristtorn var liten og interessa for kjøp var laber. Vinteren 1995-1996 var hard, og mesteparten av dei lokale sortane gjekk ut. Sal av juletre gjekk betre, og der var det pengar å tjena, om ein har den rette staden, - og proviensane. Økonomisk gjekk feltet i Skånevik absolutt ikkje i pluss, men vi hausta kunnskap og erfaringar.

Blabaer
Satsing på hageblåbær sist på 1990-talet. Ringleiar Lars Kjetil Flesland i midten og Fylkesgartnar Torbjørn Takle til høgre. Foto: Torbjørn Ruud.

Sommaren 1990 var ringleiar Flesland med på ein tur til vestkysten av USA, arrangert av heradsagronom i Rogaland, Terje Pundsnes. Her fekk vi orientering i mange interessante fagfelt, blant anna produksjon av hageblåbær. Tilbake i Noreg vart det skrive ein dyrkingsrettleiing om det bærslaget. Noko som førte til sterk interesse, både lokalt og elles i Sør-Noreg. Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring organiserte denne bærinteressa i eigen fagavdeling med Torbjørn Ruud som leiar. Ei tid var vi også sekretariat for «Norges Delikatessebærlag».

IMG 0922
Harald Hetland var ein stødig leiar av Haugaland Maskinring. Foto: Lars Kjetil Flesland

I 1993 tok vi over administreringa av Haugaland Maskinring, der Harald Hetland vart leiar. Maskinringen blei etter kvart organisert som eigen avdeling i forsøksringen. Harald hadde eige fagstyre som var med på å fastsetje utleigeprisar på maskiner og utstyr, og denne prislista vart etter kvart nytta også langt utafor ringen sitt område. Maskinringen starta også opp formidling av spreieareal for dei som ikkje hadde nok på eigen gard. Dette, og at bøndene vart flinke å nydyrke, førde til at kravet til spreieareal frå 1989 ikkje fekk så negative følger som frykta.

I 2005 var tida moden for samanslåing med naboringen Haugaland forsøksring. Då hadde alt Ølen og Vindafjord kommunar funne saman og blitt ein kommune, Vindafjord kommune med sentraladministrasjon i gamle Ølen kommune.