Hans Gaffke blir med på markvandringar i Agder og Rogaland med tema dyrking av småskala grønsaker etter økologiske prinsipp. Som rådgivar i NLR med kontor på Rygge har Hans mange års erfaring med rådgiving innan økologisk dyrking av grønsaker og korn.
Vi legg opp til dialog med erfaringsutvekslingar kring ugraskamp og dyrkingsteknikk ute i grønsakskulturane samt direkte omsetning.
Alle interesserte er vel møtt ein eller fleire av følgjande stader:
- Froland 8. juli kl. 12:00-14:00 hjå Solveig Senum Kane, Eivindstadveien 14, 4820 Froland.
- Flekkefjord 8. juli kl. 18.30-20.30 hjå Hege Nedrebø Andersen, Fidselveien 101, 4404 Flekkefjord. Livet på Fidsel.
- AVLYST: 8. juli hjå Brit Mjåland, Marnardal. I staden blir det markdag i Flekkefjord.
- Sola 9. juli kl. 11:30-13:30 hjå Tatyana og Sven Arild Helleland, Vigdelsvegen 478, 4054 Tjelta
- Sandnes 9. juli kl. 14:00-16:00 hjå Sandnes andelslandbruk, Torill Østraat, Vatneliveien 33, Sandnes.
- Sveio 10. juli kl. 10:00-12:00 hjå Arne Valen, Sveio Andelslag, Vågavagen124, 5550 Sveio.
- Karmøy 10. juli kl. 14:00-16:00 hjå Ådland andelslag, Kristine Kalstø, Søre Ådlandsveg 22, Åkrahamn.
Inga påmelding. Pris for ei eller fleire markvandringar: medlemmer i NLR gratis, ikkje medlemmer kr. 400,- per driftseining. Servering av kaffi, te og kjeks.