Ragnhild overtok bruket på Nomeland i Valle årsskiftet 2020/2021. Saman med mann og born på 3 og 5 år er ho busett på garden. I grenda er det fleir aktivt drivne bruk. Far hennar var heiltidsbonde med sau og ammeku, medan Ragnhild og mannen har arbeid utanfor og ynskjer å fortsette med det. Det å vidareføre drifta på garden er likevel viktig fordi dei ynsker at borna skal vekse opp med aktiv drift på drift på garden. Gleda og nytten av å bruke utmarksressursane til garden er og ein del av dette. Det er likevel viktig at det ikkje bare vert arbeid på garden når det er fri frå arbeid utanfor. Det må vere plass til å gjere andre ting og. Difor ynskjer dei å bygge om sauefjoset til meir lettvint og tidsmessig drift. Her kjem mentor Egil inn som ein viktig diskusjonspartner.
Egil har lang erfaring som sauebonde. Han overtok bruket sitt i 2002, i 2015 bygde han nytt sauefjos på garden. Han har på denne måten god erfaring med både drift og byggeprosess frå sitt eige bruk. Raghild er veldig nøgd med Egil som mentor! Han har bidrege til god framdrift i planlegginga av ombygginga. Dei har vore å sett på sauefjos saman og Ragnhild har reist å sett på egen hand. Egil meiner det er viktig å reise rundt å sjå på erfaringane som andre har gjort seg. Ingen fjos er like. Det er og viktig å finne rimelege løysingar – Ragnhild og mannen har nett pussa opp eigen bustad og kårbustad. Økonomien i sauehaldet tillèt heller ikkje store investeringar.
Oppstarten på mentorordninga var i slutten av januar. Dei har hatt 4 møte i løpet av året. For kvart møte har Ragnhild lagd liste over spørsmål ho vil stille – det er fort å gløyme noko seier ho. Egil tykkjer det er flott at Ragnhild er så godt førebudd – ho har gode spørsmål! Ragnhild er glad for at Egil er så klar på at ingen spørsmål er for «dumme». For henne er førebuing til møte viktig – det er fort å gløyme noko ein lurer på sidan det går litt tid mellom kvart møte. Detaljar er og viktig å få med – dei må ikkje gå i gløymeboka!
No er søknad om middel til ombygging av sauefjos sendt inn. Egil og Ragnhild seier båe at dei kjem til å ha kontakt sjølv etter at mentorordninga er avslutta. Dette har vore både nyttig og triveleg!
Søknadsfrist er 1. desember 2022!
Les meir og send inn søknad:
Mentorordninga i landbruket | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)