Fylkestinget i det samanslåtte Agder har valt solblom (Arnica Montana) som ny fylkesblome. Det kom inn forslag frå 40 enkeltpersonar og organisasjonar, og solblom var med i finalen samen med tepperot. Det er eit godt val, fordi Agder reknast som kjerneområde for solblom i Norge, og fordi solblom er ei sårbar plante knytt til tradisjonell skjøtsel av kulturlandskapet. Planta er fortsett sjeldan, men ei rekke restaureringsprosjekt gjer at den no aukar i fleire område. Og som fylkesblome vil fleire bli kjent med denne spennande og tradisjonsrike planta!.Ein blome å bli glad i!
Solblom er ei stor plante som er lett å få øye på og den liknar ein gul prestekrage - på Romerike blir solblom kalla gul prestekrage, og i Agder brukar eldre slåttekarar namnet hesteblom og tobakksblom. Denne arten var relativt vanleg i naturengene i Sør-Norge tidlegare, men den gjekk sterkt tilbake på grunn av den store reduksjonen av gamle kulturmarker. Solblom er nå ein truga art med status VU-sårbar på den norske raudlista av 2015, ei plante det er viktig å få fram i ljoset att.
Skjøtsel av gamal kulturmark
Solblom er sjølve symbolet for ei slåtte- eller beitemark i tradisjonell hevd og med lang kontinuitet. Den er typisk i ugjødsla grasmark i tradisjonell drift med svakt sur jord, i glissen skog og på lynghei. Det er fleire restaureringsprosjekt i Agder, og solblomen kjem villig fram når eng og beite skjøttast tradisjonelt. På Eidså i Songdalen er det no ein levedyktig lokalitet, og det same gjeld ei rekke gamle enger i Setesdal. Agder reknast som kjerneområde for solblom i Norge, og botanikar Ellen Svalheim i Nibio, har arbeidd med sårbare og trua arter i kulturlandskapet i mange år. Arvesølvprosjektet (2006-2012) gjekk ut på å lage skjøtselsplanar og sette i gang skjøtsel av gamal kulturmark. Fleire av lokalitetane har solblom som reknast som ein typisk art for semi-naturleg eng. Innan fire lokalitetar i austre Agder og fire i vestre Agder blei det parallelt med skjøtselsplanprosessen sett i gang overvaking av solblomane med teljing av sterile og fertile (fruktbare) solblomrosettar. Alle lokalitetane er følgt opp i perioden 2008 til 2014.
Ein zoologisk hage
Det fantastiske med solblom er at den er ein heil zoologisk hage av ulike insektart som lever på, i og av planta. Den litle sommarfuglen Solblomengmøll er heilt avhengig av solblom i sin livssyklus. Dei små larvane utviklar seg i blada, mens dei vaksne sommarfuglane er i blomen og bruker den som nektarkjelde. Det same er tilfelle for Solblomminerflua som også utviklar seg i blada, og for Solblombandfloge, som utviklar seg i blomehovuda. Inne i blomen går det føre seg eit aldri så lite drama der nokre insektlarvar et solblom, mens andre larvar et dei som et solblom: Solblombandflogane er ofte tungt infisert av ein malmveps. Denne vepsen legg egg i solblomhovuda, og vepselarvane utviklar seg inne i bandfloglarvane. Om solblomen forsvinn, forsvinn også insekta som er avhengig av denne planta. Solblom har også sopprot der planta lever i samarbeid (symbiose) med ein mykorrhizasopp, og får på den måten auka tilgang på vann og næringsstoff. Solblomen viser kor kompleks naturen er, og me aner at det kan være vanskeleg å skue konsekvensane om ein art eller naturtype forsvinn.
Ei tradisjonell medisinplante
Arnikatinktur høyrer til den gamle folkemedisinen, og solblom dyrkast kommersielt bruk i fleire europeiske land. Det finst mange ulike salver og tinkturar med solblom å få kjøpt mot muskelsmerter, hevelsar og for å få sår til å gro. Tidlegare blei både blad og blome brukt som erstatning for tobakk, og dett blei vanleg under siste verdskrig. Planter som folk har vært opptatt av i lang tid har gjerne mange navn. I tillegg til gul prestekrage og tobakksblom, er planta også kalla hestablom , jonsokblom, slåttmann, slåtteblom, nyseblomst, hestafivel, sankthansblom, rosseblom, stokksvæve, tobaksrose, tobaksoleie, snusblad, ølkong og fyllegras.
Funn og lokalitetar av solblom i Norge: