Dette er ein viktig klimaavtale med jordbruket for å nå klimamåla, og å auke karboninnholdet i jord er ein del av denne avtalen. Både jord, skog, planter og røter er ein viktig del av klimaløysinga, og dette samarbeidet inneber at gardbrukarane skal få meir kunnskap om jord, jordhelse og jordbiologi.
Stort opptak i jord og skog
Globalt er det berekna at jordsmonnet inneheld to til tri gonger så mykje karbon som atmosfæren. Og norsk jord og skog tar opp meir enn halvparten av klimagassutsleppa i Norge. Det internasjonale samarbeidet «Fire promille» ser på kordan ein kan auke opptak og lager av karbon i jord.
Betre jordhelse
God jordhelse er bra for mikrolivet, matproduksjonen og klimaet. Det nasjonale programmet for jordhelse gjev eit godt grunnlag for å auke kunnskapen og ta betre vare på jorda vår. Jord med god helse leverer viktige for økosystemet, og for atmosfæren, klimatilpassingar, reinsking av vatn og plante- og dyreliv. Når jordkvaliteten svekkast kan det gje avrenningsproblem og utslepp av klimagassar.
Kretslaupsjordbruk
Kretsløpsjordbruket tek omsyn til samspelet i naturen utan at likevekta til kretslaupa blir trua, og kjenneteiknet er:
- Effektiv bruk og resirkulering av næringsstoff på garden.
- Allsidig dyrking med balanse mellom tærande og nærande vekstar.
- Vekstskifte mellom åkervekstar og gras med kløver og andre belgvekstar, som ved fotosyntese, nitrogenfiksering og organiske prosessar bygg opp fruktbarheita i jorda
- Husdyrhald tilpassa gardens moglegheiter for nok beite og anna fôrgrunnlag basert på gras med kløver og belgvekstar
Saman med den fleirårige kløverenga er husdyrgjødsla og kompostert organisk materiale fra garden med på å bygge opp livet i matjorda. Kretslaupsjordbruket har eit stort potensial til å betre jordhelsa og binde karbon i jorda, noko som kan gje positive klimaeffektar.
Kløver i eng og beite er ein nærande vekst som bygg opp fruktbarheita i jorda, og gjer godt for både avling og klima.