Inngrep på eigedomen er det mange gardbrukarar som har fått. Dette kan vere alt frå straumkablar i bakken eller i lufta, mastepunkt, fiberkablar, vatn og avløpsleiingar, utviding eller omlegging av veg.

Grunneigar får ofte mindre råderett over eigedomen – at du får avgrensing i kva som kan utførast der inngrepet er gjort – eller at grunnen rett og slett vert tatt ut av landbruksproduksjon og brukt til andre formål.

Du har krav på erstatning ved slike inngrep, anten det er midlertidig inngrep eller permanent. Det kan vere erstatning for tapt produksjon eller ulemper som oppstår i anleggsperioden, eller for all framtid.

Det er sjeldan at ein utbyggar har landbruksfagleg kompetanse for å rekne ut «rett» erstatning.

Vi kan rekne ut kva erstatning du har krav på. Erstatning skal være individuell i kvart enkelt tilfelle. Det er sjeldan lurt å skrive avtale om ei «standard» erstatning som vert tilbydd.

Er det planlagt utbygging på eigedomen din, kontakt knut.sigurd.hauga@nlr.no tlf. 91360016