Aadne er vakse opp på familiegarden og er vant med sauedrift og gardsarbeid, men ikkje mjølkeproduksjon. Kona Olaug er frå Hå på Jæren, frå ein gard med mjølkekyr. Dei har seks born; Salve (25), Tøri (20), Madli (18), Karmen (15), Aslaug (11) og Ingeborg (10). Forutan gardsdrift med sau og kyr, driv dei også med turisme. I tillegg driv Aadne sitt eige entrepenørfirma. Olaug er utdanna kokk, har job i kommunen og er elles med i gardsdrifta.
Godhug for telemarkskyr
Frå dei tok over garden på slutten av 90-talet, har dei hatt sauer og i periodar også ammekyr. No har dei kring 250 vinterfôra sauer, mest spælsau og litt andre rasar og blandingar. Dei dreiv økologisk nokon år, fram til det blei innført nye reglar om fast dekke og auka arealkrav. Då måtte dei gje opp, men dei har tatt med seg økologiske løysingar vidare i drifta. Det er likevel mjølkekyr Aadne har vore interessert i sidan han var liten, med ein ekstra godhug for telemarkskyr. Då dei bygde nytt sauehus, innreia dei det gamle til båsfjos og fekk kjøpt kvote og handla inn 14 telemarkskyr og seks NRF-kyr. Det var stas då den første mjølka blei levert til Tine i september 2019!
Fjoset er innreia med båsar i tre der kyrne kan fikserast medan dei et. Dei får rundballefôr og kraftfôr etter yting. Dei må ha lang etetid for å ta opp mest muleg grovfôr. Aadne ser det naudsynt å montere kutrenarar for å få lengre etetid. Aadne har planar om å bygge ei høytørke for å kunne tørke ein del av graset både kyr og sauar. Kyrne har madrassar i båsane og ristar med opent ned til gjødselkjellaren. Det er kalving heile året og akkurat no er det tri oksekalvar som blei fødd i juni og juli. Dei skal sendast til slakt i haust.
Tilskot til bevaringsverdige rasar
Aadne måtte land og strand rundt for å få tak i nok kyr av telemarkrasen. Det er ein avgrensa populasjon med berre 400 telemarkskyr i landet. Landslaget for telemarksfe (https://telemarkfe.no/) er ein avlsorganisasjon som har som mål å auke talet på telemarkskyr, og ta vare på og utvikle rasen vidare utifrå gjeldande avlsmål. På deira nettside finst informasjon om at «telemarkskua er ei vandrande og rautande kulturhistorie» og mykje om avl og semin som er viktig for å unngå innavl. Den første utstillinga av telemarkskyr blei heldt i Kviteseid i 1856, for 164 år sidan. I dag får dei som har telemarkskyr, eit eige tilskot for nasjonale og trua storferasar. Det blir gitt tilskott per dyr av desse rasane. Norsk genressurssenter har eit overordna ansvar for bevaring og forvaltning av dei nasjonale husdyrrasane, og samarbeider med bønder og avlslag for kvar enkelt rase om bevaring. Raselaga for dei gamle rasane har ein felles interesseorganisasjon, Norsk Bufe.
Årleg blir det tatt inn oksar til seminproduksjon av dei gamle rasane. Det er GENO som kjøper inn oksane og står for uttak, nedfrysing og distribusjon av sæd til interesserte bønder. Utvalet av oksar skjer i samarbeid mellom GENO, Norsk genressurssenter og avslaga. Saman med ei avgrensa mengd med frosne embryo leggjast noko av sæden på langtidslager.
Nydyrking og sauer i fjellet
I dag driv familien Ådneram kring 250 dekar der noko er leigejord, og dei kjøper også litt fôr. Aadne driv med nydyrking for å få nok grovfôr til alle dyra. Sauene sleppes på fjellbeite ovanfor garden, mens kyrne beiter på innmarksbeite rundt gardstunet. Dei har ikkje inngjerda utmarksbeite. Telemarkskyrne er lette på foten og gode til å ta seg fram i bratt terreng, og dei reinskar beitekantane for lauv og kratt. Om sommaren brukar dei okse, men om vinteren er det inseminering. Gardsoksen dei har no, heiter Bligutt og er 18 månader. Han er son av Bliros, og står i fjoset saman med mange damer med fine, tradisjonelle namn: Litago, Staslin, Blondi, Godros, Fjellrypa, Gullrei, Fagros, Snørosa med fleire.
Bidrag til skjevå
Med mjølkekyr i tillegg til sau, er inntekta på garden styrka monaleg, og dei har også fleire bein å stå på i tilknyting til garden. Det er mange turistar i Sirdal, spesielt om vinteren. Garden ligg like ved Ådneram skitrekk AS, og nedanfor gardstunet leiger dei ut plass for stadbundne kampingvogner. Dei har også utleigehytter på garden. Aadne driv entrepenørfirmaet Ådneram Maskin AS med 3-4 tilsette. Dei driv med graving, snørydding og noko leigekøyring i landbruket som steinhenting, gjødsling og rundballing.