Det er framleis høg global etterspurnad etter gjødsel. Uvissa rundt gjødselprisane framover ligg mykje på om bøndene i Europa har kjøpt gjødsel for komande sesong endå, eller om dei avventar lågare prisar. Spesielt Aust-Europa har ein usikker oversikt. Det er kjøpt inn unormalt mykje urea som erstattar nitrat i Europa i vinter. Dette legg mindre press på behovet for naturgass som er råvara for ammoniakk som går inn i mykje av gjødselproduksjonen.
I følgje Yara har gassprisane falle, og er lågare enn forventa. Årsaka er bla ein mild vinter i mellom Europa. Det er god tilgang på gass og det har vore lågt forbruk den siste tida. Det ligg heller ikkje inne forventningar om ekstreme energiprisar i Europa utover i januar og februar. Framleis vil gassprisutviklinga ha stor effekt på nitratprisen i Europa.
Kva med reisten av sesongen?
Kva talar for ein svakare marknad og lågare pris?
- Globale energiprisar svekkast ytterlegare.
- Låg etterspørsel etter gjødsel i Europa- lite handel før jul.
- Europa er godt dekka inn med gjødsel før sesongen.
- Import av Urea og UAN opp i viktige marknader, AN ned.
Kva talar for ein strammare marknad og høgare prisar?
- Gassprisen vert høgare enn antatt.
- Produksjon stengast ned og tilbodet vert lågare.
- Prisane på nitrat aukar sjølv om etterspurnaden er låg.
- Me nærmar oss europeisk våronn- udekka gjødselbehov i Europa.
- Kva om mange har venta med å kjøpe, og me har store udekka behov?