Betalingsviljen hjå husdyrbonden vil variere mykje avhengig av behovet for ekstra grovfôr, kva halmen skal nyttast til og logistikk for å få halmen til gards. Husdyrbrukaren kan ofte skaffe seg kraftfôr for tilnærma same prisen som halmen kjem opp i dersom den skal leverast langt utanfor halmdistrikt. Og kraftfôret er meir å satse på til produksjon av kjøt og mjølk.
Halmprodusentane på si side har nok i større grad fått opp augene for verdien halmen har i form av tapt næring, jordforbetring o.l. Men erfaringar frå 2018 tyder på at prising og verdien halmen har for seljarane varierer svært mykje i høve til jord, produksjon, tresketidspunkt, behov for tilbakeføring av organisk materiale, avtale med entreprenørar o.l. Mykje av problema med spreiing av ugraset hønsehirse meiner ein del i kornmiljøet at auka kraftig med den store halmomsetjinga i 2018. Det er fordelar og ulemper for begge, og me prøver i denne artikkelen å gje eit balansert bilde for begge partar.
Begge partar må tene på handelen!
Ein føresetnad for at kornbonden skal vere interessert i å selje halmen, og for at husdyrbonden skal kjøpe den er at begge partar må tene på samarbeidet. Gode avtaler er derfor viktig for at begge partar skal bli nøgde. Om det er kort veg frå kornåkeren til fjøset kan det være ei god løysing å bytte gjødsel eller talle mot halm. I underkant av 1 tonn storfetalle, 1 tonn storfemøkk 6% TS eller 0,5 tonn fastmøkk/talle frå småfe kompenserer for fjerning av 300 kg halm/daa frå kornåkeren.
Kornbonden må helst selje for meir pengar enn berre gjødselverdien av å tilbakeføre halmen, og husdyrbonden må kjøpe fôr rimelegare enn kva det kostar å slakte besetning eller å erstatte fôrbehovet med kraftfôr.
Beste tilpassing for husdyrbonden
Alternativet ved for knapp grovfôrtilgang er kjøp av meir grovfôr/grovfôrerstattar eller reduksjon/nedslakting av besetning. Langtidseffektane av sistnemnde er store og bør i dei aller fleste tilfelle unngåast. Det er då oftast god økonomi i å kjøpe fôr (kraftfôr eller grovfôr/halm). Mjølkekubesetningane har truleg mest å hente, men også ammeku- og sauebesetningar bør strekke seg langt for å unngå nedslakting. For dei fleste er det også lønnsamt å låne pengar til fôrkjøpet i staden for å slakte besetning,- føresett at det er ei «eittårs krise» . Langtidsverknadane av tapt slakteinntekt og husdyrtilskot i framtida er vesentleg høgare enn framtidig inntekter på sal av grovfôr.
Mange fekk i 2018 ei dyrekjøpt erfaring ved kjøp av utanlandsk importhøy samanlikna med norsk halm. Norsk halm kan vere ein rimelegare og god fôrressurs for husdyrbønder for både storfe og sau. Har grovfôrbonden minst 30-40% av fôrbehovet som grovfôr er kraftfôrpris det maksimale du kan betale for endå meir innkjøpt grovfôr. Men har du altfor lite grovfôr - kjøp grovfôr "for ein kvar pris" fram til minimumsgrovfôrbehov på 30-40% er dekka. Deretter vil prisen på kraftfôr/grovfôrerstattar vere retningsgjevande for maks pris du bør betale for grovfôret/halm. Med dagens kraftfôrpris på ca 4,50-5,00 kr/FEm for fiberrikt kraftfôr (4-4,5 kr/kg), vil det vere den høgste prisen som er interessant å betale for innkjøpt grovfôr når du har dekt minimumsbehov for grovfôr.
Både tørrhalm og ammoniakkbehandla halm er aktuelt å kjøpe. Halmprisen bør nok også differensierast ut frå kva den skal nyttast til (fôr eller strø).
Er du tidleg ute er det større moglegheit for å få tak i halm av god kvalitet frå kornbønder som har nytte av å bli kvitt halmen.
Kva bør kornbonden tenkje på?
Å fjerne halm kan være en fordel ved at det blir enklere å bearbeide jorda uten pløying. Spesielt når det er snakk om såing av høstkorn like etter tresking vil store mengder fersk halm gi problemer med harving eller direktesåing. Da kan det være gunstig om noen kan komme og fjerne halmen. En annen fordel er at en sparer noe diesel ved å ikke kjøre kutteren på treskeren. I korn med gjenlegg bør/skal halm fjernes (raskt for å gi mer lys til graset).
På den annen side vil halmen gi et positivt bidrag til jordstruktur og jordlivet om den moldes ned. Jordas moldinnhold vil på lang sikt reduseres mer om halmen fjernes. Om halmen fjernes et enkelt år er reduksjonen neppe målbar. I tillegg til dette kommer gjødselverdien av tilbakeført halm. Generelt kan vi si at halmen har størst verdi på næringsfattig jord og minst verdi på mold- og kaliumrik leirjord i god hevd (mer om dette lenger ut i artikkelen). Halmsalg medfører også risiko av ulike slag.
Pressing, pakking og kanskje spesielt oppsamling og bortkjøring av halmballer kan påføre jorda pakkeskader om det kjøres under fuktige forhold. Bruk av maskiner /redskap utenfra utgjør en risiko når det kommer til spredning av ugrasfrø. Hønsehirse har blitt et stort problem i mange kornområder, og vi vet at en del frø ble spredd med halminnsamling i tørkeåret 2018. Om en ikke vet hvilke arealer utstyret har gått på bør det rengjøres godt om det skal inn på nye arealer. Dette for å unngå å spre ugras av bla hønsehirse og floghavre. Det er dessuten ikke tillat å selge ubehandla halm fra arealer med floghavre. Halmbonden bør også ha sikkerheit for at halmen blir samla opp og at han har avsetning på den. Han bør òg sjølsagt ha gevinst på evt. meirarbeid med pressing, oppsamling, opplasting og sal av halmen.
Gjødselverdi på halm
De siste årene har det hos oss vært ganske stor etterspørsel etter halm til strø og fôr og veldig mange har solgt halmen sin. Men halmen har en verdi for deg som kornbonde da den inneholder en del fosfor og kalium som du da kanskje må erstatte hvis halmen fjernes. Verdien vil variere etter jordart, jordanalyser, jordarbeidingsmåte m.m.
Hvis vi skal beregne en gjødselverdi må vi sette visse forutsetninger. N-virkning fra halm er så liten at en normalt ser bort fra den da halmen bruker nitrogen i nedbrytningen for senere å gi tilbake. Verdi av N er derfor satt til 0 her. Men ved nedpløying av halm blir jorda tilført noe kalium og fosfor som frigis på sikt. Vi setter 100 % utnyttelse av fosfor og kalium i halmen slik at dette må erstattes med innkjøpt gjødsel. Dette kan diskuteres. Fosfor vaskes lite ut, mens kalium er mer utvaskbart. Noe kalium vaskes ut gjennom vinteren og da må kaliumtilførsel uansett kompenseres for dette.
I kaliumfattig sandjord (for eksempel i Numedal) gir 22-3-10 i svært mange tilfeller for lite kalium. Underskuddet blir enda større hvis halmen fjernes. Da er alternativet ett dyrere gjødselslag – for eksempel fullgjødsel 17-5-13. Halmen gir som nevnt organisk stoff til jorden. Spesielt på de bruk som ikke har tilgang til husdyrgjødsel eller anna organisk materiale bør derfor halmen helst tilbakeføres. Velger du likevel å selge halm er det rett å ta høgste pris for å kompensere for ulempene med næringsbortføring, redusert vannhusholdning, mangel på organisk materiale osv.
Med en kornavling på 400 kg er det rundt 300 kg halm pr dekar. Halmens tørrstoffprosent er satt til 85 %. Pris pr kg halm vil være lik uavhengig av halm mengde/daa.
Verdier for innhold av fosfor og kalium i ulike halmtyper er tatt ut fra gjødselplanprogrammet Skifteplan.
Priser for fosfor(P) og kalium(K) er beregnet ut fra pris på OPTI-P 0-20-0 kr 8,61 kr/kg. Og kaliumgjødsla som er nytta 60ER Kali 600 kg (49%) kr 11,11 pr kg. Pris pr kg fosfor blir da kr 43,05 og pris pr kg kalium er kr 22,70.
Innhaldet i ein halmrundball er meir likt enn mellom grasballar.
Tørre halmballar er meir like i både i tørrstoffprosent og energiinnhald samanlikna med grasballar. Ein halmball med 120 cm diameter har ei vekt på om lag 200-230 kg tørr halm. Er halmen ubehandla kan ein då forvente om lag 60-70 FEm/rundball. Er ballen ammoniakkbehandla tilsvarar det om lag 130-140 FEm/ball.
Diameter |
Vekt(kg) |
FEm (NH3- behandla) |
FEm (Ubehandla) |
120 cm |
220 |
130-140 |
60-70 |
130 cm |
260 |
150-170 |
70-80 |
140 cm |
300 |
170-190 |
80-90 |
150 cm |
340 |
200-220 |
100-110 |
160 cm |
390 |
220-260 |
110-120 |
Tabell 1 Retningsgjevande vekt på halmballar ved ulik diameter: Tørr halm ca 85% tørrstoff, 0,7 FEm/kg TS ferdig NH3- behandla og 0,35 FEm/kg TS ubehandla .
Halmballen ammoniakkbehandla og ferdig levert fjøsdøra kan ut frå dette koste inntil 585-650 kr/ball(Ø=120 cm) før kraftfôrprisen overstigast. For ubehandla halm kan ikkje prisen overstige 270-300 kr(Ø=120 cm).
Konklusjon
Begge partar må hauste gevinst av halmberginga.
Høgste halmverdien er på næringsfattig, skarp jord og når det er tilgang på under 30-40% av totalt grovfôrbehov. I halmområder der husdyr- og kornbønder bytter halm og møkk kan eit samarbeid gje ein vinn-vinn situasjon, med verdifulle tilskot begge vegar. I underkant av 1 tonn storfetalle, 1 tonn storfemøkk 6% TS eller 0,5 tonn fastmøkk/talle frå småfe kompenserer for fjerning av 300 kg halm/daa frå kornåkeren.
For husdyrbonden: Halmballen ammoniakkbehandla og ferdig levert fjøsdøra kan koste inntil 585-650 kr/ball(Ø=120 cm) før kraftfôrprisen overstigast. For ubehandla halm kan ikkje prisen overstige 270-300 kr(Ø=120 cm). Hugs også på at det ofte er lettare å fôre med kraftfôr enn med halm! Maks pris for grovfôret bør normalt ligge under kraftfôrpris for at det skal vere interessant å kjøpe. Halmfôring utanfor korndistrikta er truleg siste utveg som eit «krisefôr» økonomisk sett på bruk der ein kjem under 30-40% grovfôr i rasjonen. Og for dei aller fleste vil truleg kraftig rasjonering av grovfôr og heller kjøp av kraftfôr kunne berge alle dyra over vinteren.
For kornbonden: Gjødselverdien på halm ligg på 20-40 øre/kg halm. Dette tilsvarar om lag 40-92 kr/ball(Ø=120cm). For dei med høgt fosfor- og kaliuminnhald i jorda vil ikkje fjerning av halm påverke gjødslinga vesentleg på kort sikt. På lang sikt vil likevel næringsreservane tappast om dei ikkje erstattast. På næringsfattig, skarp jord og halmpris under 40 øre/kg (dekker bør kornbonden velje å pløye ned halmen i staden for å selje den som fôr. Ved sal risikerer kornbonden i tillegg meir kjøring og jordpakking, at halmen kanskje ikkje vert fjerna, ugrasspredning og evt. meir arbeid og logistikk med pressing, gassing, samling og lasting av halmballar som bør kompenserast for.