Målsetjinga er at du skal bli kjent med grovfôrprisen på din gard og finne tiltak for større avling og lågare grovfôrpris, produsert med lågt klimaavtrykk. Du får spesifikke input om eigen produksjon samstundes som du deler erfaring og mottek kunnskap frå yrkesbrør og systrer, bygger nettverk og fagleg kompetanse. Gjennom prosjektet TELE-BU Grovfôrøkonomi 2021-2022 har mange gode krefter i «landbruksfamilien» gått ilag om å samle og formidle fagkunnskap og erfaringar om grovfôrproduksjon.

Blir du med


Har du feltnotatar frå vekstsesongen gjer dei eit godt grunnlag for talinnhenting. Bruk eventuelt notatskjema under.

Last ned og skriv ut notatskjema her

Individuell gjennomgang

Dei som melder seg på, får ein gjennomgang av eigen grovfôrproduksjon i lag med rådgjevar frå Norsk Landbruksrådgiving. Denne gjennomgangen talfestar mellom anna dyrkings-og haustekostnadar, tidsforbruk, kostnadar knytt til leigejord, avlingsnivå og syner til slutt grovfôrkostnad per fôreining. Der klimakalkulatoren er ferdigutvikla (mjølk og ammeku) nyttar me denne til å finne klimabelastninga i produksjonen.

En slik gjennomgang gjer god innsikt i grovfôrproduksjonen din, og finn gode tiltak på å bli betre.

Dobbeltbilde hvit bakgrunn
Resultatet av gjennomgangen gjev deg en oversikt over kr/ FEm for alle arbeidsoperasjonar i grovfôrproduksjon din.

Fellessamling 4.-5. februar Lampeland hotell

På regionsamlinga får du fagleg input, erfaringsutveksling med gode kollegaer, resultata frå prosjektet, og du deler eigne praktiske erfaringar og nøkkeltal i diskusjonsgrupper.


Har du spørsmål kontakt rådgiver Aslak Botten 90 65 26 29.

Eigenandel 2000 kr pr bonde + ev kost/losji på regionsamling.

Meld deg på her

Samarbeid Tyr NSG
Samarbeid NB NLR
Et samarbeid mellom TYR, NSG, Norges Bondelag og NLR Østafjells