Oppsummering av 1. slåtten
Etter ein tidleg vår og ein varm mai, var tilrådingane å slå tidlegare enn normalt, dersom ein ynskte fôr av høg kvalitet. Dette vart sjølvsagt vurdert ulikt av den enkelte bonde, men mange hadde rekordtidleg hausting. Dei som hausta tidleg, fekk nok ikkje så store avlinger, men vi håper og trur at det vart svært bra fôrkvalitet.
Så er det slik at tidspunktet for kva som er vekststart, -og dermed ein tidleg slått, vil variere mellom tidlege og seine strøk. Ytre – indre, høgde over havet og lokalmeteorologi. Om lag 27. mai starta det med regn nesten dagleg, og det vart vanskelegare å slå graset på tidleg utviklingstrinn. I juni vart mykje av enga meir utvikla før ho vart slått, og vi ventar høgare avling med lågare kvalitet her. Sikkert også mykje fôr med relativt låg tørrstoffprosent.
Så var det nok også mange som venta med slått enten på grunn av gammal vane for slåttetidspunkt eller fordi dei uansett sesong bare vil ha to slåttar, og tar kvaliteten dei får deretter. Vi vil vidare i denne artikkelen sjå på behovet for tre slåttar.
Utviklinga og døgngradene etter 1. slått
I slutten av mai, før regnet kom attende, var det i ferd med å bli tørke, og det var også svært varmt. Døgngrader er eit nyttig hjelpemiddel for å berekne tidspunkt for 2. slåtten, og desse døgngradene summerte seg fort opp til høge tal dersom 1. slåtten allereie var teken. Ergo er det denne sesongen spesielt stor variasjon i summen av døgngrader mellom dei som slo tidleg og dei som slo seint.
Døgngrader frå 1. slått til 9. juli
Du kan regne ut døgngradene for din eigen slått. Gå inn på LandbruksMeteorologisk Tjeneste (nibio.no) og finn frem til nærmeste værstasjon, videre gå inn på værstatistikk. Velg basistemperatur 0 grader og legg inn din slåttedato for 1. slått. Du kan også estimere omtrentleg slåttetidspunkt fram i tid, basert på normaltemperatur. Hellesylt/ Helset er vår eigen stasjon, og du vil ikkje finne den på Landbruksmeteorologisk Tjeneste.
Vi følger opp tabellen over døgngrader og målestasjonar, slik at dei gjeld for 9. juli. Slåttetidspunkt 23. mai er også tilføyd.
VERSTASJON/ SLÅTTEDATO |
23. MAI |
30. MAI |
6. JUNI |
13. JUNI |
LINGE |
704 |
568 |
471 |
397 |
HELLESYLT/ HELSET |
638 |
521 |
436 |
370 |
TINGVOLL |
673 |
540 |
453 |
381 |
SURNADAL |
695 |
560 |
469 |
394 |
RINDAL |
622 |
490 |
410 |
348 |
OPPDAL |
572 |
451 |
373 |
326 |
SOKNEDAL |
578 |
456 |
379 |
328 |
MELDAL |
662 |
526 |
439 |
372 |
SKJETLEIN |
671 |
536 |
449 |
377 |
RISSA |
670 |
538 |
452 |
377 |
KVITHAMAR |
711 |
567 |
471 |
391 |
FROSTA |
723 |
579 |
482 |
402 |
MÆRE |
705 |
564 |
465 |
390 |
SKOGMO |
709 |
570 |
471 |
393 |
Tidspunkt for 2. slått
Det vil vere mindre stråsetting i enga i gjenveksten enn det var fram mot 1. slått. Det vil difor vere vanskelegare å vurdere slåttetid ut frå utviklingstrinn. Difor er døgngradene nyttig indikator. Det er likevel slik at ved tidleg slått og i ung eng vil det vere meir stråsetting også til 2. slått. Og i slike enger ser vi at skytinga er i full gang fleire stader, ergo er det slåtteklart. Døgngradene fortel oss det same. Difor er budskapet vårt at mange bør gjere seg klare til å sette i gang andre slått så snart veret tillet det. Og vermeldinga tilseier at det kan bli slåttever på fredag og laurdag og søndag føremiddag. Dette er også mykje tidlegare enn vanleg, men dette er altså eit år som er mykje tidlegare enn vanleg. Det kan vere naudsynt å vere fleksibel med ferieplanane..
Tommelfingerreglane for når du skal ta 2. slått:
Tidspunkt for 1.slått |
Engtype |
0,90 FEm (6,37 MJ NEL) |
0,85 FEm (6,01 MJ NEL) |
Tidleg (ved beg. skyting) |
Timoteidominert eng |
500 d° |
650-700 d° |
Raigrasdominert eng |
ׄ400-450 d° |
550-600 d° |
|
Sein (i full skyting) |
Timoteidominert eng |
600 d° |
700+ d° |
Raigrasdominert eng |
500-550 d° |
600-700 d° |
Konsekvensar for 3. slåtten
Ved slått no i midten av juli, bør det vere god margin for å ta 3. slåtten i august, og dermed å hauste godt fôr og minske risikoen for overvintringsskade på grunn av for sein slått. Venter ein til slutten av juli, vil det fort bli ein laber 3. slått i september.
Vi minner også om rask gjødsling etter 2. slåtten, slik at gjødseleffekten kjem avlinga til gode, og ikkje til ein overdriven gjenvekst utover hausten.
Dersom ein vel å ‘hoppe over’ 2. slåtten og ta slått til vanleg tid i august, så må ein rekne med at dette blir fiberfôr med lågt energiinnhald.
Lykke til med vurderingane. Hugs at NLR-rådgivarane kan vere samtalepartnar om akkurat dine vurderingar.