No i 2024 startar Norsk Landbruksrådgiving i samarbeid med Møre og Romsdal bondelag, Felleskjøpet, Røv Mølle og maskinbransjen opp eit treårig prosjekt som heiter «Auka korndyrking i Møre og Romsdal».
Kven er prosjektet for?
- Den som er ny korndyrkar
- Den som lurer på om korndyrking er aktuelt
- Den som er interessert i å dyrke eige kraftfôr
- Erfarne korndyrkarar som vil auke kompetansen
Kva skal vi gjere?
- Informasjonsmøte om korndyrking for den som er ny eller lurer på om det kan vere aktuelt. Oppfølging av deltakarane etter møta (haust/vinter 2024)
- Kornskule – undervisningsopplegg over to år (2025-2026)
- Etablere nye dyrkingsgrupper for korndyrkarar rundt om i fylket (2024-2026)
- Møte om mekanisering til korndyrking (2025-2026)
- Kurs i produksjon av eige kraftfôr (2025-2026)
Kva er målet for prosjektet?
- Alle bønder i Møre og Romsdal få tilbod om eit informasjonsmøte om korndyrking innanfor rimeleg avstand. Vi samarbeider gjerne med lokale bondelag og lokale landbrukskontor om møta
- Vi skal hjelpe alle nye korndyrkarar med å avklare behov for rådgiving og planlegge vidare oppfølging.
- Korndyrkarane i fylket skal få auka kompetanse gjennom deltaking i kornskule, dyrkingsgruppe, mentorordning eller tilpassa individuell rådgiving.
- Auke kornarealet i fylket med 20% og auke gjennomsnittsavlinga med 5% i løpet av prosjektperioden.
Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommunen, Møre og Romsdal bondelag, Felleskjøpet og Røv Mølle.
Har du lyst til å bli med, eller har spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar Frode Grønmyr. Kontaktinfo under.