Kariannestokke1
Karianne Stokke

Kva blir arbeidsoppgavene dine i NLR? Og kontorstad?

Eg skal arbeide med HMS og risikovurdering på dei ulike bruka i distriktet. Som HMS-rådgiver kjem eg til å ha Sunnmøre som utgangspunkt og kontorstad i Ålesund, men dette kan endre seg ved behov. Her ønskjer eg å bistå med hjelp til risikovurdering og bringe erfaringsutveksling mellom bøndene i regionen vår, for å bidra til tryggare arbeidsmiljø.

Kva slags bakgrunn har du?

Eg har vokse opp på gard i Sykkylven, der eg har fått erfaring frå ulike hobby produksjonar.

Eg bygde på interessa mi med ein bachelor i husdyrfag, velferd og produksjon frå Nord Universitet, samt eit årsstudium i Geografi.

Har hatt forskjellige arbeidsplassar, men dei eg særlig kan nevne er butikken til Felleskjøpet Ålesund, prosjektleiar i 4H Møre og Romsdal og avløysar for mjølk og kjøttprodusent.

Her har eg fått bygge på den teoretiske kunnskapen med praktisk erfaring.

Gleder meg til å bli betre kjent med dei ulike aktørane i distriktet og få ei innsikt i deira kunnskap og utfordring.


Karianne er å treffe på telefon 48104468 og e-post karianne.skotte@nlr.no