Dei to ordningane er «Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologi i landbruket» og «Bioøkonomiordninga»; og det er næringslivet innan jord-, skog-, og havbruk som kan gjere seg nytte av desse. Både ved ynskje om å auke verdiskapinga i desse sektorane og/eller gjere tiltak for å auke produksjon av fornybar energi i landbruket.
Mest aktuell
For landbruket er det nok Verdiskapingsprogrammet som er mest aktuelt. Denne ordninga inneheld både tilskots- og låneordningar for å stimulere landbruket til å produsere, bruke og levere fornybar energi.
Aktuelle tiltak
Av tiltak som fell inn under ordninga kan nemnast
Investeringar i
- Anlegg for varmesal (basert på bioenergi)
- Gardsvarmeanlegg (basert på bioenergi eller varmegjenvinning) både til næringsverksemd og bustadhus på gardsbruket
- Veksthus (bioenergi og varmegjenvinning
- Biogass, kraft/varme- og biokolanlegg
- Flislager og tørkeanlegg for brenselsproduksjon for sal
Utgreiingsmidlar
Innafor fleire av desse ordningane er det og mogeleg å søkje om tilskot til forstudiar og forprosjektering. Innanfor Biogass kan Det kan det bli gjev inntil 50 prosent støtte på maksimalt 50 000 kroner til forstudiar/avklaringsrådgiving og 150 000 kroner til forprosjekt knytt til eksterne kostnader.
Solcelleanlegg er per no ikkje prioritert i desse ordningane, med mindre det omfattar nye løysingar/konsept.
Aktuelle personar
Innan fagområdet Fornybar energi i Bionova/Innovasjon Norge er det for tida Odd Ståle Dalslåen som er kunderådgivar for Møre og Romsdal. Han arbeider ved Innovasjon Norge sitt kontor i Tromsø.
I NLR Region Midt er det Bjørn Steinar Skarbø, Hilde Hegnes eller Jon G. Lied du kan kontakte om du ynskjer å lufte/drøfte temaet.
Meir informasjon
Søk gjerne etter meir informasjon på «Fornybar energi i landbruket» på Innovasjon Norge.