På medlemsmøta i år vil vi ha fokus på teknikk og presisjonslandbruk. Delta på medlemsmøte for ditt område for å lære meir om temaet!
Lars Gunnar er rådgjevar innan maskinteknikk og presisjonslandbruk. Han skreiv sin bachelor om bruk av droner og presisjonsgjødsling i eng. Droner kan nyttast til å vurdere gjødselbehov til avlinga og lage tildelingsfiler som kan nyttast til meir presis gjødsling.
NLR Dekningsbilen blei brukt for å køyre på kryss og tvers og på langs i landet vårt for å sjekke kvaliteten på korreksjonssignal til ulike GPS-systemer. Lars Gunnar tok delar av køyringa for å måle dette i Møre og Romsdal. Vi er særskilt utsett for bortfall av korreksjonssignala pga. høge fjell. Dette kan han fortelje meir om til dei som er interesserte.
Vil gjerne hjelpe til med råd
Lars Gunnar kan vere med å planlegge riktig bruk av GPS, gjødselspreiingsutstyr eller anna presisjonsutstyr. Dersom ein har avansert gjødselspreiar, kan han bidra med å lage tildelingsfiler for riktig fordeling av gjødsla på eit eller fleire skifte. Dersom du vurderer å gå til innkjøp av spreieutstyr, kan han vere med å vurdere kva type du har behov for.
Det er berre å ta kontakt!
Vi vil oppfordre til å spørje om du lurar på noko. Det er viktig å ha utstyret og innstillingane i orden. Lars Gunnar kan hjelpe til med alt innanfor spørsmål om maskinteknikk og presisjon.