Utvikling etter førsteslått

Regelen er at dersom ein ønskjer topp kvalitet (over 0,9 FEm/kg TS) bør ein slå andreslåtten om lag 500 døgngrader etter førsteslått i ei timoteibasert eng med tidleg førsteslått. Satsar ein på middels kvalitet og større avling kan ein vente til ein har passert 600 døgngrader. Varmesummen finn ein ved å legge saman gjennomsnittstemperaturen for kvart døgn.

Varmesum etter forsteslatt 27 juni 2023
Varmesum (døgngrader) frå slåttetidspunkt 10. eller 20. juni til og med 27. juni.

For å anslå førsteslått ved help av døgngrader er det viktig å vite tid for vekststart om våren. Dette vil variere mykje rundt om i Møre og Romsdal. Men når det gjeld døgngrader mellom første og andreslått gjer ein ikkje mykje feil om ein brukar ein av målestasjonane knytt til Landbruksmeteorologisk teneste (Surnadal, Tingvoll, Linge) uansett kvar ein held til. Dette finn du her. Legg inn ønska vêrstasjon, 0 grader som basistemperatur og legg inn dato for førsteslått i «Periode».

Ønskjer du å finne ein lokal målestasjon kan du prøve https://seklima.met.no/ og velje «Varmesum 0oC» under Værelementer/Temperatur. Her må du summere varmesummen sjølv. Du kan også velje gjennomsnittstemperatur og summere den.

Tørkestress

Dersom plantene er så tørkestressa at veksten ikkje kjem i gang etter slåtten bør ein ikkje telje med dei døgngradene. Når det nærmar seg slått, derimot, vil tørkestress gjere at utviklinga går raskare enn det døgngradene tilseier.

Utviklinga framover

Tida mellom første- og andreslått går alltid fort. For å få god effekt av gjødsla er det best å få fem veker mellom spreiing av husdyrgjødsel og slått, og fire veker frå spreiing av mineralgjødsla. Det betyr at det hastar å få ut gjødsla etter slåtten. Nedanfor er to figurar som viser utvikling i døgngrader framover ved ulik gjennomsnittstemperatur. Den siste tabellen viser middeltemperatur for juni, juli og august for dei fem føregåande åra for Surnadal, Tingvoll og Linge.

Utvikling i dogngrader ved slatt 10 juni
Utvikling i dogngrader ved slatt 20 juni
Middeltemp juni juli og august 2018 2020 Surnadal Tingvoll og Linge
Middeltemperatur for juni, juli og august 2018-2022 for Surnadal, Tingvoll og Linge.