I fjellregionen er det framleis veldig mange båsfjøs. -Korleis opplever de at interessa er for å byggje om til lausdrift?

-Det har vore eit positivt engasjement dei siste 2-3 åra, seier Torstein. – Dei som tek over og vil drive mjølkeproduksjon, dei vil byggje. Torstein har teikna ombyggingar til lausdrift både for mjølk og ammekyr.

-Har de nokon råd om korleis den som treng å byggje om fjøset bør gå fram?

- Innovasjon Norge har kome med ei veldig fin ordning med forprosjektmidlar. Då kan ein få dekt kostnadene med å kartleggje sin eigen situasjon og kva for ressursar som finst på garden, seier dei to rådgivarane. -Er det ein restverdi i det gamle fjøset som kan brukast vidare? Kor mykje jord disponerer ein, og skal garden oppretthalde stølsdrift? Korleis er gjeldsnivået, og er det også andre delar av drifta der det trengs investeringar? Kor mykje arbeidsinnsats kan ein bruke på garden, og er det tilleggsinntekter som også kan reknast inn? Vi søkjer å finne ut kva som er handlingsrommet på denne garden, seier dei.

-Etter ei slik kartlegging får ein eit godt grunnlag for å tilpasse løysingane til den einskilde bonde og ressursgrunnlaget på garden, seier Morten. -I eit forprosjekt kan ein også leige inn ein betong- eller skredkonsulent, og ein kan få utarbeida nokon enkle fjøsskisser, legg Torstein til.

-Kva for løysingar vel dei som byggjer om?

- Det er veldig individuelt. Det er veldig ulik status på eksisterande bygningsmasse. Eg har nettopp vore på eit par inspeksjonar der det gamle var så dårleg at eg rådde til å rive og byggje alt nytt. Andre stader kan det gamle fjøset brukast til sinku og ungdyr, og nokon nøyer seg med å byggje på ei liggjebåsrekke, seier Torstein.

-Det fine med å bruke uavhengige rådgivarar, som oss, er at vi ikkje skal selje noko. Vi tek utgangspunkt i bonden sine eigne moglegheiter og ønske når vi gir råd. Bønder har ofte mange tankar og idear sjølv, som det er nyttig å ha med i vurderingane. Vi vil ikkje kome med standardløysingar og tre nedover hovudet til folk, seier dei to.

- Det er framleis mange bønder som sit på gjerdet når det gjeld lausdriftskravet.

- Det viktige er å kome i ein prosess. Ting er ikkje svart-kvitt, ein treng å sjå nyansane. Du kan starte med å undersøkje kva moglegheiter du har. Det er også lurt å snakke med kollegaer og reise og hente inspirasjon og idear hos andre som har bygd. Noko av det fine med forprosjektordninga, er at du ikkje forpliktar deg til å gjere noko som helst, berre å undersøkje moglegheiter, avsluttar Morten.